Kort om arbeidsgiver
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!
For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Gynekolologisk poliklinikk leger Molde og Kristiansund, har ledig vikariat for lege i spesialisering (Fødselshjelp og kvinnesykdommer) frå snarast og fram til 31.10.2021, med høve til forlenging.
Arbeidsstad pt. Molde sjukehus.
Seksjonen har til saman 10 overlegar, og i tillegg 2 LIS stillingar. Der av 5 overlegar og 1 LIS i Kristiansund. Vi har omlag 800 lav- til moderat risikofødsler i året. Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø og er godt drifta og utstyrt.
Obstetriske risikopasientar bli selektert etter nasjonale kvalitetskrav for fødselsomsorg til sjukehuset i Ålesund som har gynekologar i tilstadesvakt i tillegg til nyfødd intensivseksjon.
Sjukehuset er godkjent utdanningsstad for LIS Det er i dag 4 delt primær/heimevakt for lege i spesialisering
Kvalifikasjonar
Formelle kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege
Gjennomført LIS1-tjeneste eller anna godkjent tjeneste som erstatning for dette.
Mestre norsk / skandinavisk språk for skriftleg og muntleg kommunikasjon.
Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Søkjarar må ha gode evner til tverrfagleg samarbeid og til samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
Eit godt fagmiljø med internundervisning, faste møter og eit variert arbeidsfelt innan faget.
Lønn etter dei til ei kvar tid gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ein arbeidsplass i ei inkluderande verksemd