Kort om arbeidsgiver

Avdeling for kreft, blodsjukdommar og lindrande behandling (Kreftavdelinga) har ledig eit års vikariat i 100% stilling for overlege hematologi.

Kreftavdelinga er organisert i medisinsk klinikk, har tre overlegestillingar innan hematologi, tre overlegestillingar innan onkologi og ein overlegestilling innan kompetanseområdet palliasjon, samt fem stillingar for legar i spesialisering.

Kreftavdelinga består av sengepost på 13 senger og poliklinikk. Har også tilknytta palliativt team.

Vi har det faglege ansvaret for medikamentell kreftbehandling til pasientar med diagnostisert kreft, blodsjukdom og pasienter som treng palliativ behandling i spesialisthelsetjenesta i Sogn og fjordane.

Innan hematologi har vi ansvar for malign og i stor grad benign hematologi i tillegg til lymfomer.

Arbeidsoppgåver

  • Overlege hematologi har klinisk arbeid innan fagområdet på poliklinikk og sengepost
  • Utgreiing og behandling av hematologiske pasientar inkludert lymfompasientar på poliklinikk og sengepost
  • Deltaking i utvikling av tenestetilbodet, og aktiv rolle i høve legar i spesialisering
  • Vaktteneste i kreftavdelinga i samsvar med tenesteplan. Vakt kvardag kl. 16:00-19:00,  vakt helg kl. 09:00-14:00

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, spesialisering innan hematologi
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker kollega som liker faglige utfordringer og har gode samarbeidsevner
  • Personlig eignaheit vil bli vektlagt    

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i ein dynamisk og hektisk kvardag
  • Positivt arbeidsmiljø, med fagleg dyktige kollegaer
  • Tilsettingsvilkår etter gjeldande retningslinjer, og løn i samsvar med gjeldande lover og avtaler 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Ingunn Solheim Terøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 992 35 501
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde