Kort om arbeidsgiver
Sjukeheimslege
Det er ledig 100% sjukeheimslege stilling ved Fjell sjukeheim/Øygarden lokalmedisinske senter.
Sjukeheimen er lokalisert sentralt i Straumeområdet. Fjell sjukeheim har 56 plassar fordelt på korttidsplassar og långtidsplassar. Øygarden lokalmedisinske senter har 21 korttidsplassar og 6 plassar på Intermediær avdeling samt 4 KAD senger. Det er 3,6 legeårsverk tilknytt sjukeheimen/ØLMS. Legane samarbeider seg imellom og deler på arbeidet ved dei  to institusjonane som er lokalisert vegg i vegg med kvarandre.
Det er alltid minst to legar på vakt samstundes. Gode kollegiale forhold. Regelmessig internundervisning og LIS1 veiledning vil vere ein del av jobben. I tillegg kan det bli aktuelt med inntil 20% av stillinga som administrativt arbeid. Dette i samband med organisator for legesamarbeidet internt på institusjonen og dei andre legane på andre sjukeheimar i kommunen.
Arbeidstida er kvardagar mellom 8-16. Øygarden kommune har eigen sjukeheimslegevakt som dekker alle sjukeheimane i kommunen i helgar og høgtidar. Det vil vere mogleg for vår nye sjukeheimslege å delta i denne vaktordninga viss ønskjeleg
 
Kvalifikasjonar:
Godkjend norsk autorisasjon som lege
Fullført norsk turnusteneste/LIS1
Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar
Gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagd
 
Vi tilbyr:
Fagleg interessant jobb
Konkurransedyktig løn
KLP pensjonsordning
 
Den som blir tilsett må framvisa politiattest ikkje eldre enn 3 månadar før oppstart i stillinga. 
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
(Nye) Øygarden kommune
Kontaktperson
Navn: Stein-Inge Stigen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 55 09 72 26
E-post: stein.stigen@oygarden.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Sykehjemslege, Fjell sjukeheim F184/20
Arbeidssted
Fjell Sjukeheim og Øygarden LMS
Foldnesvegen
5353 STRAUME