Kort om arbeidsgiver
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Radiologisk avdeling har ledig stilling som overlege i radiologi. Avdelinga har om lag 70 tilsette fordelt på fire lokalisasjonar. Totalt har vi 15 legar tilsett i avdelinga, der dei fleste overlegane, og alle LIS, har arbeidsstad ved Førde sentralsjukehus.
Seksjonen i Førde har CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning og mammografi/BDS (Brystdiagnostisk senter). Vi har SECTRA RIS/PACS som er felles system i Helse Vest.
Vi søkjer ein kompetent radiolog som kan bidra til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø. Overlege inngår i 6-delt vakt, med LIS i forvakt.
Tilsetjing snarast, eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Diagnostikk og pasientbehandling
- Generell radiologi
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som spesialist i radiologi
- Gode kunnskaper i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Engasjert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Vi tilbyr
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Rekrutteringstillegg
- Hjelp med bustad
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus
- IA- bedrift (inkluderande arbeidsliv)
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
Språk