Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
BUP Kristiansund er ein del av Avdeling for psykisk helse for barn og unge, som har 160 stillingar fordelt på 4 sjukehus; Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. Poliklinikken i Kristiansund har spesialistar i alle faggrupper og er godkjent som utdanningsinstitusjon.
Etter- og vidareutdanning har høg prioritet.
Poliklinikken BUP i Kristiansund har ledig fast stilling for lege i spesialisering. Stillinga er ledig frå 01.01.21.
Poliklinikken i Kristiansund har stillingar for 4 overlegar og 2 legar i spesialisering. Vi samarbeider tett med førstelinjetenesta, og reiser regelmessig ut til kommunene.
Vi er organisert i Klinikk for kvinner, barn og unge saman med Kvinneklinikken, somatiske sengepostar for barn, habiliteringsteneste, familieavdeling, akutteining, to poliklinikkar for barn og unge og poliklinisk akutt-team.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing av psykiske lidingar
- Medisinering for psykiske lidingar
- Psykoterapi
- Pasientopplæring/foreldrevegleiing
- Samarbeid med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Ferdigstilt og godkjent LIS1- teneste
- Gode norskkunnskapar
- Ønskeleg med erfaring frå barne- og ungdomspsykiatri
- Ev erfaring fra vaksenpsykiatri, allmennmedisin og/eller pediatri
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- God evne til relasjonsbygging
- Ansvarsfull
- Strukturert
- Kreativ
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Engasjerte kollegaer
- Godt organisert BUP, med tett samarbeid med resten av Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge
- Gode rutiner for utgreiing og behandling
- Inkluderende og støttande personalgruppe og legegruppe
- Godt fagleg miljø med m.a.. fire overlegar og to LIS
- Løn etter til ei kvar tid gjeldande overeinskomstar
- Gode pensjon- og forsikringsordningar