Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig ein fast stilling og eit 1-års vikariat for lege i spesialisering i psykiatri.
I divisjon psykisk helsevern er fleire snart ferdig med si spesialisering i vaksenpsykiatri og vi lyser difor ut to 100% stillingar som LIS 3 i psykiatri, med tilsetjing snarast eller frå 01. Mars 2021. Den eine er 100% fast stilling og den andre er eit 100% vikairat i 1-år. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus er eit av fem lokale helseføretak som er eigd av det regionale føretaket Helse Vest RHF. Det er 12800 tilsette fordelt på 9600 årsverk. Hovudoppgåvene er pasientbehandling, forsking, undervising og pasientopplæring. Vi har pasienttilbod innan somatikk, psykisk helsevern og rusbehandling.
Divisjon psykisk helsevern har ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern, og har organisert sitt kliniske tilbod i seks klinikkar. Både born og vaksne er ein del av vår målgruppe. Verksemda er lokalisert ein rekkje stader i Bergensområdet og inneheld akuttmottak, ambulerande team, poliklinikkar, dagavdelingar og sengeavdelingar.
Divisjonen psykisk helsevern er godkjend for 5 års teljande teneste til spesialiteten psykiatri. Spesialistkandidatar kan få heile den tenesta dei treng gjennom eit felles rotasjonssystem i divisjonen. Det er til saman 27 utdanningsstillingar. Divisjonen har ein stor forskingsavdeling, og det er mogleg å velje forsking som del av utdanninga.
Læringsarenaene for spesialiteten er ved desse avdelingane:
Sjukehusavdelingar: Psykiatrisk akuttmottak (PAM), stemningslidingar, spesialisert psykosebehandling, spiseforstyrringar, alderspsykiatri, ECT, psykosomatisk medisin, klinikk for sikkerheitspsykiatri.
DPS: Bjørgvin DPS, Kronstad DPS og Øyane DPS. DPSane har både døgn- og dagavdelingar, samt ein rekkje polikliniske behandlingstilbod.
Dei som vert tilsett får sitt tilsetjingsforhold på divisjonsnivå, og vil rotere mellom ulike avdelingar. Vaksenpsykiatri har ei rotasjonsordning, der ein to gonger pr. år legg til rette for flytting mellom læringsarenaer, slik at kandidaten kan få oppfylt sine læringsmål etter ønskje og så raskt som mogleg. Det vises for øvrig til utdanningsplan.
For fast tilsetjing gjeld følgjande: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som
legespesialist.
Kandiatar som har beohv for sideutdanning, er også velkomen til å søkje.
Vitnemål og attestar på godkjend relevant teneste skal leggjast ved søknaden. Det er vidare krav om politiattest ved tilsetjing, jf Psykisk helsevernloven kap. 4A-7.
Søknadar utanom Webcruiter vil ikkje bli behandla.