Kort om arbeidsgiver
Grunna pandemien søkjer Helse Fonna no legar i midlertidige stillingar som skal fungere som ein del av eit tverrfaglig team og ha medansvar for Covid-19 pasientar. Einingane er opptatt av å byggje gode team prega av tillit og ein arbeidsdeling som gir sikkerheit for medarbeidar og pasient. Dette er særlig retta mot ferdig utdanna leger som ikkje har fått LIS1 stilling.

Oppgåva er å avlaste det aukande behovet for behandling i spesialisthelsetenesta. Du vil i første omgang arbeide ved Medisinsk Avdeling ved Haugesund sjukehus og hjelpe til med å avlaste avdelinga i dens arbeid med pasientar med mistenkt eller påvist covid-19 sjukdom. Det kan og vere aktuelt å arbeide som lege ved andre einingar og/eller inngå i team i akuttmottak og andre deler av verksemda.

Medarbeidars HMS er førsteprioritet. Vi har behov for DEG som trives i eit aktivt arbeidsmiljø og som ønskjer å bidra i ein utfordrande og uforutsigbar tid.

Arbeidsoppgåver

  • Som tilsett skal du inngå i et tverrfaglig team i eininga
  • Ivareta en assistent-/støttefunksjon i teamet rundt Covid-19 pasientar.
  • Ivaretaking av pårørande
  • Delta i rettleiing av helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som lege
  • Beherske norsk språk skriftleg og munnleg. Gode norskkunnskaper er avgjørande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har annet morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg videregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annen norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggas søknaden. Ved tilsetting av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfeller, fravike kravet om bestått norsktest på B2-nivå. 
  • Som deltakar i team må du være fleksibel, teamorientert, ta del i det arbeidet du er kvalifisert til og bidra til ein god oppgåvedeling mellom yrkesgruppene i teamet
  • Du må være bevisst grenser for egen kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Du må trivas i eit aktivt arbeidsmiljø, like varierte utfordringar og være ein bidragsytar til å jobbe både tverrfagleg og sjølvstendeg
  • Personleg skikka vektlegges ved tilsetting

Vi tilbyr

  • «Hands-on» opplæring på lokal avdeling
  • Ein moglegheit til å gjere ein forskjell
  • Stor bredde i faglege utfordringar
  • Lønn i tråd med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Finn Arve Åsbu
Tittel: Avdelingsleiar HR
Telefon: 91736690
E-post: finn.arve.asbu@helse-fonna.no
Navn: Bjørn Egil Vikse
Tittel: klinikkoverlege
Telefon: 52732547
E-post: bjorn.egil.vikse@helse-fonna.no
Navn: Olav Bøe Hunnes
Tittel: Rådgjevar, HR
Telefon: 52732156
E-post: olav.boe.hunnes@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Haugesund sjukehus Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund