Omtale av arbeidsstaden
Bø legesenter er lokalisert i moderne og godt tilpassa lokale i Bø sentrum. Senteret er velutstyrt og veldrive med ein
dyktig stab med hjelpepersonell. Vi har eit godt arbeidsmiljø. Kvar lege driv eigen praksis som eit enkeltmannsforetak.
All felles drift (t.d. leige av lokale, hjelpepersonell, merkantile tenester) ordnast av eit aksjeselskap, eigd av legane med
like eigarandelar. Selskapet har ein solid økonomi. Legen som vert tilsett i den ledige heimelen må kjøpe sin andel i
selskapet. Legane ved senteret har ei god inntening.
For ytterlegare informasjon om Bø legesenter, sjå www.bolegesenter.no.
 
Kort om stillinga
Det er ein ledig heimel som har listelengde på 1025 pasientar. Legane er sjølvstendig næringsdrivande, og du kan bli
pålagd kommunale oppgåver inntil 7,5 timar/veke etter nærare avtale. Vi er sju fastlegar og ein turnuslege. Omlag 6900
pasientar har fastlege hos oss. Journalsystemet er Infodoc, og vi bruker ordninga "Time same dag".
Legevakt er lokalisert på Notodden interkommunale legevakt, og våre legar har vakter ved legevaktsentralen på
Notodden.
 
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søker vi spesialist i
allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin. God evne til bruk av norsk skriftleg og
munnleg. Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode
samarbeidsevner.
Søkjaren må ha førarkort i kl. B
 
Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Lønn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
 
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjara som
har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
 
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
 
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
 
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du
kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg
å mellomlagre søknaden.
 
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med
kvittering om at søknaden er mottatt.
 
 
Søknadsfrist    17.12.2020                              Utlyst dato        27.11.2020 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Kontaktpersoner
Navn: Jørund Verpe
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 90635444
E-post: jorve@mt.kommune.no
Navn: Irene Holte Skugstad
Tittel: Fastlege og styreleiar
Telefon: 928 43 275
Arbeidssted
Bø legesenter
Hellandvegen 13
3800 BØ I TELEMARK