Kort om arbeidsgiver
Velkomen til øyriket ved storhavet! Med storhavet som næraste nabo og kort veg til Ålesund, Ulsteinvik, Volda og Ørsta ligg Herøy kommune sentralt plassert. Eit framgangsrikt og samfunnsengasjert næringsliv bidreg også i stor grad til gode og varierte fritidstilbod både til fastbuande og besøkande. Alle øyane med busetnad i kommunen er knytte til kvarandre og fastlandet med bruer og undersjøisk tunnell (Eiksundsambandet). Vegen er kort frå den eine storslagne naturopplevinga til den neste. Fugleøya Runde er kjent for Noregs tredje største og eitt av landets mest artsrike fuglefjell. Her finn du også utstillinga av Rundeskatten. Men også resten av kommunen har mykje å by på både av natur og meir urbane aktivitetar. Kommunesenteret Fosnavåg har vakse fram rundt den lune, naturlege hamna som til alle tider har gitt ly til båtar og mannskap. Den vesle kystbyen er fleire gongar kåra til den fremste næringsbyen i Noreg. Her er ingen store kjøpesenter, men i staden ei rad nisjebutikkar med eit anna utval enn det kjedebutikkane tilbyr. Hit kjem mange langvegs ifrå for å finne det spesielle. I tillegg har byen hotell, kino og kulturhus, badeland, kaféar og restaurantar, bakeri, vinmonopol, matbutikkar, gjestebrygge. I Herøy kommune er det viktig for oss som er tilsette å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, «Herøy, ei båtlengd føre».
Som sjukeheimsoverlege har du ordinær arbeidstid med 37,5 t/v, men deler av stillinga vil vere fleksibel for å kunne gi tid til rådgjeving overfor sjukeheimane, utanfor ordinær arbeidstid. Kommunen har to omsorgssenter, eit på Eggesbønes og eit i Myrvåg, med til saman 93 plassar.
Legetenesta i Herøy har 11 fastlegeheimlar, fordelt på Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. Vi har i tillegg ei stilling for LIS1. Kvart legesenter har vakt på dagtid. Kveld og helg har vi felles legevakt med Sande kommune. Nattlegevakt er felles med fem av dei andre kommunane på Søre Sunnmøre. Kommunen har 66 % stilling for kommuneoverlege. Volda sjukehus er vårt lokalsjukehus og ligg ein knapp time unna Herøy.
Arbeidsoppgåver
Sjukeheimsoverlegen sine arbeidsoppgåver er tredelte.
- Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheimane inkl. kontakt med pårørande og rettleiing av personalet
- Deltaking i undervisning for personalet på fagdagar
- Deltaking i overordna systemarbeid og fagutvikling for det medisinske arbeidet i kommunen sine sjukeheimar
Som sjukeheimsoverlege har du ikkje vaktplikt, men du har høve til å ta vakter etter avtale med legevaktsjef.
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon og oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten, og vi ønskjer at du har relevant spesialistutdanning
- Dersom du ikkje har relevant spesialitet, vil vi legge til rette for at du kan fullføre slik utdanning
- Du må legge fram godkjend politiattest før tilsetjing
Legar utan LIS1 kan søke og bli tilsett i inntil eit år
Personlege eigenskapar
- har interesse og engasjement for sjukeheimsmedisin
- har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- er fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingsarbeid
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane utifrå intervju og referansar. Personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- God pensjons- og forsikringsordning i KLP
- Fleksibel arbeidstid
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Godt organsiert samarbeid mellom dei sju kommunane på Søre Sunnmøre på fleire område, mellom anna faggruppe for sjukeheimslegane
Vi vil legge til rette for fagleg utvikling, spesialisering i sjukeheimsmedisin og for deltaking i nasjonale samlingar.