Kort om arbeidsgiver
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!
For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Avdeling for medisin og døgnopphold ved Kristiansund sjukehus har ledig fast stilling for lege i spesialisering (LIS) innan gastroenterologi. Oppstart etter avtale.
Det planlagt opplæring i gastroenterologiske prosedyrar inkludert gastroskopi og koloskopi. Kristiansund sjukehus deltar i nasjonalt screeningsprogram for tarmkreft. Etter opplæring i koloskopi vil ein kunne få oppgåver knytta til screening av kolorektalcancer. Vi vil sørge for at legen tilegner seg læringsmål og ferdigheiter både innanfor gastroenterologi og andre indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å delta i poliklinisk aktivitet óg innanfor generell indremedisin. LIS 2/3-legar deler sekundærvakta, men i forbindelse med opplæring knytta til screeningsprogrammet for tarmkreft, vil det vere mogelegheit for heilt eller delvis vaktfritak i ei periode.
Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar og geriatri. Avdelinga har òg ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak.
Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri og nefrologi. Avdelinga har òg LIS1-legar og studentar frå NTNU.
Derfor kjem du til Kristiansund:
- Kristiansund er perlen på Nordmøre med naturskjønn beliggenhet ut mot havet
- Hyggeleg småby med eit variert utvalg kaféar og spisestader
- Eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år
- Ein kort biltur unna Atlanterhavsvegen med sin spektakulære beliggenhet og fleire sjarmerande fiskevær
- Bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, og med mogelegheit for vidare flybytte
- Eit godt sosialt miljø
Arbeidsoppgåver
- Visittgang sengepost
- Polikliniske konsultasjonar inkl. opplæring i gastroskopi og koloskopi
- Akuttmedisin/ mottaksarbeid
- Mogelegheit til deltaking i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk legeautoriasasjon
- Fullført LIS1-tjeneste
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og lærevillig
- Du har gode samarbeidsevner
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du har stor evne til å kunne arbeide tverrfagleg
Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit breitt indremedisinsk fagmiljø
- Opplæring i eit stort utvalg av indremedisinske prosedyrar og læringsmål
- Eit hyggeleg kollegium med tett samarbeid mellom ulike fagområder
- Aktiv internundervisning
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Vi ber om at attester og vitnemål skannes og lastes opp som vedlegg til din CV.