Vi ønskjer å betre samhandlinga mellom Øyane DPS og kommunane og har etablert programmet Samskaping i Vest. Programmet inneheld fleire prosjekt der eit av desse er kombinerte stillingar mellom Øyane DPS og kommunane Askøy og Øygarden. Vi lyser no ut 50% fastlegeheimel i Øygarden kommune kombinert med 50% stilling som LIS3 ved Øyane DPS. Startdato etter nærare avtale.
Legane vil kunne starte spesialiseringsløp innanfor både allmennmedisin og psykiatri.
Øyane DPS er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Vi er lokalisert på Straume om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum. Øyane DPS har sektoransvar for Askøy og Øygarden kommune med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år.
Legegruppa ved Øyane DPS består av 5 overlegar/konst. overlegar, 3 LIS 3 og LIS 1. Gruppa møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både lineleiar og klinikkdirektør. Stillinga er knytt til allmennpsykiatrisk poliklinikk der vi i tillegg til sjølvstendig utgreiing og behandling samarbeider i tverrfaglege team og med ambulant akutteam (AAT). Øyane DPS ønskjer å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning.
I Øygarden kommune vært fastlegeheimelen vere lokalisert ved Medicus helsesenter, som ligg sentralt på Straume. Legekontoret har i dag 5 fastlegar og ein LIS1 lege. Legesenteret nyttar Infodoc journalsystem og er oppdatert med det siste innan digital kommunikasjon. Sjå gjerne hjemmesiden www.medicushelsesenter.no
Fastlegeheimlen vil vere ei nyetablerte liste med listetak på 600 pasientar. Lista vert drive som sjølvstendige næringsdrivande, og kommuna vil yte økonomisk bistand i etableringsfasen.
Særlige krav knytta til stillinga
Ein gjer merksam på at det er krav om politiattest ved tilsetjing (Helsepersonelloven §18 og §20 a). Politiattest skal ikkje leggjast ved søknadspapira, men leggjast frem ved tilsetjing.