Ønskjer du å søkje på ei spanande stilling i dei vakre fjordkommunane, Stranda og Sykkylven, under Sunnmørsalpane?
 
Det er ledig ei 100 % fast nyoppretta og felles stilling som kommuneoverlege for kommunane Stranda og Sykkylven med oppstart våren 2021.
 
Organisatorisk er stillinga plassert under kommunedirektør/rådmann, som vil vere kommuneoverlegen sine nærmaste overordna. Stillinga er fleksibel, utviklande, utfordrande, spanande og viktig for kommunane våre.  
 
Kommunane legg opp til at stillinga blir organisert etter vertskommunemodellen, med ei av kommunane som arbeidsgjevar for heile stillinga. Arbeidstid og arbeidsoppgåver vil vere fleksibelt og delt mellom Stranda kommune og Sykkylven kommune etter avtale og behov. På sikt ønskjer kommunene å bidra i ei eventuell større interkommunal og fleirfagleg samfunnsmedisinsk eining for fleire kommunar på Sunnmøre. Vi ønskjer å knytte til oss ressursar retta mot miljøretta helsevern. 


Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for fagleg medisinsk rådgjeving i kommunane
    Planlegging og utviklingsarbeid innanfor lege - og helseressursar samt legevakt i kommunane.
    Arbeidsoppgåver i kommunal planlegging, styring og evaluering av helse - og omsorgstenester i kommunane og kommunal forvaltning.
  • Arbeidsoppgåver innan folkehelse, førebyggjande og helsefremjande arbeid, helseovervaking, miljøretta helsevern, smittevern og helsemessig beredskap. 
  • Å vidareutvikle gode tenester og fremje god samhandling internt i kommunane, interkommunalt, med overordna helsemynde og med Helse Møre og Romsdal vil vere ei viktig utfordring.
  • Delta i kommunane sine kriseleiingar
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein lege som er spesialist i samfunnsmedisin.
Dersom legen ikkje er spesialist innan dette området er det ein føresetnad at legen går inn i eit utdanningsprogram som fører fram til denne spesialiteten.
Kommunane vil legge til rette for ei slik utdanning.
Personlege eigenskapar
  • Vi ønskjer ein kommuneoverlege med gode samhandlingsevner
  • Gode norskkunnskapar og god framstillingsevne (både munnleg og skriftleg).
  • Er samfunnsmedisinsk motivert og engasjert 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
  • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale.
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Medlemskap i god pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktpersoner
Navn: Arne Gotteberg
Tittel: Kommuneoverlege Stranda kommune
Telefon: 46411990/ 41660124
E-post: arne.gotteberg@stranda.kommune.no
Navn: Ove Økland
Tittel: Kommuneoverlege Sykkylven
Telefon: 90043790
E-post: ove.okland@sykkylven.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven kommune og Stranda kommune
Haugbukta 20
6230 SYKKYLVEN