Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 2 vikariat for lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin. Vikariata er ledige frå omgåande og varer i første omgang i 6 månader. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga.
Haukeland universitetssjukehus, avdeling for rusmedisin er godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin. Avdelinga har 9 godkjende spesialistar i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Stillinga vil vere godt eigna for fastlegar som treng sjukehusåret til spesialisering i allmennmedisin.
Avdeling for rusmedisin vart frå 01.12.2019 utvida til å omfatte tidlegare Bergensklinikken. Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling, og er delt inn i fleire seksjonar, m.a. døgnpostane på Askøy, Tertnes, Skuteviken, Martens, Klokkarvik og Manger i tillegg til poliklinisk verksemd fordelt på LAR med ansvar for ca 1000 pasientar, poliklinikk for unge, vaksenpoliklinikk, ambulante tenester og vurderingseining for alle tilvisingar til rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt.
Arbeidsoppgåver
- Postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av samtidige ulike rus- og avhengigheitslidingar, psykiatrisk og somatisk sjukdom
- Deltaking i ansvarsgrupper med primærhelsetenesta og sosialtenesta
- Mottak, undersøking og behandling av pasientar som blir lagd inn på tvang
- Poliklinisk oppfølging av LAR pasientar
- Vaktteneste på Akuttposten
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
- Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (Det vert kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Akuttmedisinsk erfaring er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med krevjande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
- Vi ønskjer legar som kan arbeide sjølvstendig, men som søkjer råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
- Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
Vi tilbyr
- Rettleiing av erfarne overlegar
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Ei god pensjonsordning
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
Utdanningsretning
Utdanningsnivå