Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune har ledig 100 % stilling som kommuneoverlege med snarleg tiltreding.
Det er auka nasjonale krav til kommunane sin kompetanse innanfor området samfunnsmedisin, og kommuneoverlegen har ei sentral rolle og er ein viktig rådgjevar og fagperson i utviklinga av kommunen sine ansvarsområde innanfor m.a. folkehelse, smittevern og beredskap. 

Kommuneoverlegane er organisert i  seksjon for heilskapleg styring, i stabsområde Strategi-, samfunn og næringsutvikling. Rolla som kommuneoverlege krev god dialog og kontakt med kommuneleiinga, helsefaga og dei øvrige fagområda i kommunen, samt med kommunen sine innbyggjarar.
 
Kommuneoverlegane er organisert i ein seksjon som i tillegg har ansvar for overordna planlegging og analysearbeid, strategisk folkehelsearbeid, miljøretta helsevern, helseberedskap, smittevern, psykisk helsevern og kvalitetsarbeid. Det er frå før 2 årsverk fordelt på tre kommuneoverlegar.

Arbeidsoppgåver
Kommuneoverlegen sine roller er m.a. knytt til å :
  • Yte medisinsk-fagleg rådgjeving i kommuneorganisasjonen, ut mot eksterne verksemder, til legetenesta og til innbyggarane.
  • Bidra inn i kommunen sitt planarbeid og i det strategiske folkehelsearbeidet. Ny legeplan er p.t under utarbeiding.
  • Inngå i kommunen si kriseleiing, bidra innanfor helserett og i samhandlinga i helsetjenestene innad og mot spesialisthelsetjenestene. 
  • Utøve vedtaksmynde i forvaltning og hastesaker innanfor område som miljøretta helsevern, psykisk helsevern og smittevern.
  • Fagleg rådgivning og oppfølging av fastlegeordninga.
Kommunen vektlegg tverrfagleg samarbeid internt og eksternt, og kommuneoverlegen har viktige oppgåver knytt til god samhandling.

Endelig fordeling mellom dei ulike kommuneoverlegane når det gjeld arbeidsoppgåver vil bli avklara i samarbeid mellom kommuneoverlegane og leiinga. Det må påreknast beredskapsarbeid og ei viss tilgjengeligheit ved krisesituasjonar ut over ordinær arbeidstid.
Kvalifikasjonar
  • Vi søkjer etter ein person med relevant fagkompetanse og engasjement, og som ønskjer å arbeide med spanande og varierte samfunnsmedisinske oppgåver.
  • Av utdanning krev kommunen Cand. med. / embetsstudie i medisin, med norsk autorisasjon som lege.
  • Det er ønskje om spesialisering innan samfunnsmedisin, men legar under spesialisering eller med andre relevante spesialiseringar vil også kunne bli vurdert.
  • Ikkje-spesialistar i samfunnsmedisin forventast å starte på, eller fullføre spesialisering i samfunnsmedisin.
  • Erfaring som lege i kommunehelsetenesta og innan samfunnsmedisin er ønskeleg.
  • God kunnskap om norsk/offentleg forvaltning.
  • Gode faglege kvalifikasjonar med god evne til å rettleie og samarbeide med andre.
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy.
Personlege eigenskapar
  • Engasjement og interesse for samfunnsmedisin og folkehelse.
  • Ønske om å vere med å utvikle kommuneoverlegefunksjonen i ei helt ny storkommune.
  • Du set høge standardar for fagleg kvalitet og oppdaterer deg på fagleg utvikling.
  • Du er sjølvstendig, fleksibel, systematisk og har ein påliteleg arbeidsstil.
  • Har løysingsfokus og gjennomføringsevne.
  • Du har god framstillingsevne skriftlig og munnleg på norsk (bokmål og nynorsk), og god evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • God rolleforståing, innsikt i offentlig forvaltning og politiske prosessar, og tåler å stå i krevjande situasjonar og handtere press og utfordringar.
Vi tilbyr
  • Ein interessant og utfordrande jobb i ein heilt ny kommune i utvikling.
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver med gode utviklingsmulegheiter.
  • Samarbeid med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø. 
  • Tilsettinga skjer elles etter vanlege offentlege vilkår, i samsvar med til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. 
  • Tiltreding og løn: Etter avtale 
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Seksjon heilskapleg styring
Kontaktpersoner
Navn: Olav Mestad
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 97528997
E-post: olav.mestad@alesund.kommune.no
Navn: Ingunn Osdal Stette
Tittel: Fagleiar Heilskapleg styring
Telefon: 90848980
E-post: ingunn.osdal.stette@alesund.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: 4303569718
Arbeidssted
Keiser Wilhelms gate 11
6002 ÅLESUND
Søk på stillingen