Kort om arbeidsgiver

Avdeling for karkirugi har høg aktivitet døgnet rundt med utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med sjukdomar innan alle fagområda i karkirurgi. Vi har stor spennvidde på oppgåvene relatert til lokal- og regionalsjukehusfunksjon. Avdelinga har høgspesialiserte funksjonar knytt til alle felt innan åpen og endovaskulær karkirurgi, i tillegg utdanning av studentar og LIS. Karkirurgisk avdeling har eit årsbudsjett i 2021 på om lag 37 millionar kroner og 24 årsverk.   

Ein stor del av aktiviteten ved Karkirurgisk avdeling er knytt til øyeblikkelig-hjelp-behandling, men avdelinga har òg fleire spesialfunksjonar. Døme på dette er; regionsfunksjon for avansert aortakirurgi og delt regional funksjon for thorakoabdominale aortaaneurisme. Spesialiserte oppgåver knytt til carotiskirurgi. I tillegg har vi spesialkompetanse i behandling av varicer/venøs insuffisiens.

Karkirurgisk avdeling disponerer for tida 9 senger på sengepost felles med Plastikkirurgisk avdeling og samarbeider med Gastrokirurgisk avdeling om poliklinikk. Vi har eit nært og godt samarbeid med dei andre avdelingane i Kirurgisk klinikk og andre avdelingar på Haukeland universitetssjukehus (HUS). I tillegg behandlingsinstitusjonar utanfor HUS.

Som avdelingssjef har du eit overordna og sjølvstendig ansvar for å sikre best mogleg klinisk praksis, god pasientbehandling og pasienttryggleik innanfor klinikken og føretaket sine rammer. Viktige oppgåver framover vil vere å prioritere forsking og utdanning innan karkirurgi. Avdelingssjef skal bidra til gode løysingar og pasientforløp i tett samhandling med fleire einingar ved sjukehuset.

Vi ønskjer oss ein avdelingssjef som involverer og samlar dei tilsette. Vi forventar at du formidlar viktige verdiar og haldningar som vil bidra til at vi i Kirurgisk klinikk og ved Avdeling for karkirurgi fungerer saman i eit ope og godt fagleg fellesskap.

Det er viktig at du har solid kunnskap innan fagfeltet og kan fatte avgjersler i den daglege drifta og samstundes byggje leiarskap og utvikle avdelinga over tid. Vi søkjer deg som har evne og vilje til å fronte karkirurgien på HUS og løfte fagfeltet inn i framtida. Avdeling for karkirurgi sin leiar vil ha vide fullmakter til å organisere og leie avdelinga innan dei til ei kvar tid gjeldande rammer.

Avdelingssjef for Avdeling for karkirurgi sit i leiargruppa og rapporterer til klinikkdirektør i Kirurgisk klinikk. 

https://helse-bergen.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/karkirurgi  

Arbeidsoppgåver

  • Sikre god og fagleg forsvarleg drift av avdelinga
  • Overordna fag-, personal- og økonomisk resultatansvar
  • Leggje til rette for forsking, fagutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Ansvar for god resursstyring, pasienttryggleik og kvalitet i avdelinga
  • Mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i karkirurgi
  • Kunnskap og relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Relevant leiarutdanning og -erfaring er ønskjeleg
  • Erfaring frå prosjekt-, kvalitet- og forbetringsarbeid
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper, avdelingar og nivå i helsetenesta er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du kan leie og bli leia
  • Du har eit godt lag med folk og får frem det beste i dei og tar avgjersler til det beste for heilskapen
  • Du trivast med å motivere og samle dei tilsette om felles mål og stiller krav til deg sjølv og medarbeidarane for å nå desse måla
  • Du har interesse og engasjement for alle sider av drifta ved avdelinga
  • Du har god økonomi- og organisasjonsforståing og jobbar analytisk og strategisk
  • Du evnar å fatte avgjersler og iverksetje desse
  • Du legg vekt på tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Du har fokus på å skape og bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • Du er initiativrik, har gjennomføringsevne og toler press

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling, også som leiar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Lønn etter avtale
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: John-Helge Heimdal
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 932 69 470
E-post: john-helge.heimdal@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen