Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreve klinikk som gir psykiske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med 78000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2021 eit budsjett på 145 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 150 årsverk.

Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes.

Poliklinikken i Knarvik skal frå 1 mars 2021 flytte inn i nye og moderne lokale i Region Nordhordland helsehus. Nordhordland helsehus er ein unik arena der kommunale helsetenester og spesialist helsetenester i regionen skal samlokaliserast. Dette gir store moglegheiter til å tenkje nytt og annleis rundt korleis vi yter helsetenester og korleis aktørane på ulike nivå i helsetenesta samhandlar. Dette arbeidet har allereie starta, men vi treng kloke, innovative og framtidsretta kollegaer som kan, vil og ønskjer å  bidra i dette spennande utviklingsarbeidet.

Du kan lese meir om helsehuset her

Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgaver er:
- Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
- Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell
 
Klinikken har for tida 13 legespesialistar og 20 psykologspesialistar tilsett. Vi ønskjer å styrkje spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert. 

Fagområde allmennpsykiatri har følgjande seksjonar:
- Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk
- Tertnes allmennpsykiatriske poliklinikk
- eMeistring (internettbasert behandlingstilbod)
- C1 døgnavdeling med 15 sengeplassar 

Vi søkjer etter overlege i 100% fast stilling til Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk. Poliklinikken er teamorganisert. Den består av to allmennpsykiatriske team, DBT team, Traumeteam, Korttidsteam, Gruppeteam og Akutt ambulant team. Fleire av teama arbeider på tvers av poliklinikkane på Tertnes og i Knarvik. Dette fordi vi ønskjer å byggje gode og stabile fagmiljø på tvers av våre to lokalisasjonar. Deltaking i dei ulike teama kan tilpassast den enkelte kandidats ønskjer og kompetanse.
 
Poliklinikken har har for tida fem lege- og psykologspesialistar. Samt fleire psykologar som er godt i gang med sine spesialiseringsløp. I tillegg har vi LIS lege, sjuke- og vernepleiarar, sosionom, kunstterapeut, musikkterapeut og psykomotorisk fysioterapeut. 

Der er godt kollektivsamband frå Bergen sentrum med ekspressbuss og hurtigbåt. Hurtigbåt brukar 22 minutter frå Strandkaien i Bergen til Knarvik.

Arbeidsoppgåver

  • Behandling og utgreiing av tilviste pasientar
  • Undervising av pasientar og pårørande
  • Rettleiing av samarbeidspartnarar
  • Rettleiing og undervising av kollegaer
  • Bidra til utvikling og innovasjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialist
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert og interessert
  • God teamarbeidar
  • Innovativ
  • Like å arbeide i eit hektisk og pulserande fagmiljø

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit til forsking
  • Moglegheit for kompetanseheving og etterutdanning
  • Spennande arena for utvikling av morgondagens helsetenester
  • Løn iht gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Wenny Karin Bernes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 90980134
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter/ Knarvik Allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen
Kvassnesvegen
5914 Isdalstø
Søk på stillingen