Kort om arbeidsgiver
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreve klinikk som gir psykiske spesialisthelsetenester til innbyggjarar i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune.
Samla har klinikken eit opptaksområde med 78000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2021 eit budsjett på 145 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 150 årsverk.

Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgaver er:
- Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
- Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 13 legespesialistar og 20 psykologspesialistar tilsatt. Vi ønskjer å styrkje spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjuehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert.

Fagområde allmennpsykiatri har følgjande seksjonar:
- C1 døgnavdeling med 15 sengeplassar
- Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk
- Tertnes allmennpsykiatriske poliklinikk
- eMeistring (intetnettbasert behandlingstilbod)

Vi søkjer etter overlege i 100% fast stilling til Tertnes allmennpsykiatriske poliklinikk. Poliklinikken er teamorganisert beståande av to allmennpsykiatriske team, DBT team, Traumeteam, Korttidsteam, Gruppeteam og Akutt ambulant team. Fleire av teama arbeider på tvers av poliklinikkane på Tertnes og i Knarvik, dette fordi vi ønskjer å byggje gode, varige og stabile fagmiljø på tvers av våre to lokalisasjonar. Deltaking i de ulike teama kan tilpassast den enkelte kandidat.

Poliklinikken har ein meget god spesialistdekning både når det gjeld lege- og psykologspesialistar. I tillegg har vi LIS lege, psykologar under spesialisering, sjuke- og vernepleiarar, sosionomar, kunstterapeut, musikkterapeut, ernæringskonsulent og psykomotorisk fysioterapeut.     

Arbeidsoppgåver
  • Utgreiing og behandling av tiviste pasientar
  • Delta i tverrfaglege behandlingsteam
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon
  • Må ha godkjend spesialistkompetanse
  • Aktuelle kandidater må meistre Norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Trivast med ein hektisk og variert kvardag
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg nysgjerrig og interessert
Vi tilbyr
  • En spennande og god arbeidsplass
  • Eit høgt kvalifisert fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og innovasjon
  • Gode moglegheiter for spesialisering i og praktisering av ulike terapiretningar
  • Godt arbeidsmiljø
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Rune Løvold
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter/ Tertnes Allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen
Tertnesvegen 37
5113 Tertnes
Søk på stillingen