Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk er ein eigen klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk har tre avdelingar på Sandviken; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling Stemningslidingar (ASL) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). 

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Dei fleste pasientane blir overførte til døgnseksjonane ved Avdeling Stemningslidingar frå Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Døgnseksjonane er godkjende for tvungent psykisk helsevern etter psykisk helsevernlova.

Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar i tillegg til ein spesialisert poliklinikk. Avdelinga gir gode vilkår for forsking i samarbeid med Forskingseininga.

Avdelinga skal avvikle overlegepermisjonar og vi har no ledig vikariat i 100% stilling som overlege, spesialist i psykiatri. Stillinga er ledig frå 04.01.2021, tiltredelse etter nærare avtale.
 
Seksjonane tilbyr mellom anna:
*  Medikamentell behandling
*  Samtaleterapi
*  Psykoterapi/ kognitiv terapi
*  Kronoterapi
*  Miljøterapi
*  Aktivitetsterapi
*  Nevrostimulering (TMS)

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med hovudsakleg affektive lidingar
  • Kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må kunne vurdere og fatte vedtak om bruk av tvang
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du er fleksibel
  • Du toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du kommuniserer godt med andre
  • Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Knut Olaf Skårdalsmo
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55958774
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling stemningslidingar, Helse Bergen
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillingen