Er du vår nye fastlege?

Det er ledig fastlegeheimel i Fitjar kommune frå 1.mai 2021. Heimelen har eit listetak på 1 200 personar, og ei listelengd på 1 003 personar. Heimelen er i dag knytt til eigen praksis ved  Fitjar legesenter som er samlokalisert med to andre legar, to fastlegar der den eine er fastløna kommunal lege. Kommunen har ansvar for støttepersonell på legesenteret.

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjer. Fitjar ligg sentralt i Sunnhordland, med kort avstand til Stord, Haugesund, Bergen og Stavanger.

Fitjar kommune søkjer deg som:
  • er autorisert til fastlegeteneste. Vi kan vurder å opne for ALIS
  • er innstilt på å delta i allmennlegeoppgåver i kommunen
  • som ønskjer å bidra til ei god folkehelse i kommunen
  • kan norsk eller eit nordisk språk munnleg og skriftleg
  • har god kommunikasjonsevne med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • har interesse for fagutvikling og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • har førarkort for personbil og disponerer eigen bil
  • grunnleggjande brukarkunnskap til IKT-verktøy

Relevant erfaring er ein føremon, men nyutdanna som stettar krav til fastlegeheimel blir òg oppmoda om å søkja. Det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet.

Oppgåver som tilsynslege ved sjukeheim og helsestasjon kan ved behov bli fordelt mellom legane.

Som fastlege i Fitjar kommune vil du ha plikt til å delta i interkommunal legevakt. Den er lokalisert like ved Stord sjukehus. Du må pårekna ca. 40 vakter fordelt på årsbasis på helg, kveld, natt og høgtid.

Fitjar kommune tilbyr:
  • opparbeidd liste
  • gode tilhøve for drifta med nytt kommunalt legesenter og kommunalt støttepersonell
  • godt samarbeid med den kommunale helseadministrasjonen
  • bistand  med å finna bustad

For den rette søkjar vil Fitjar kommune evt. være behjelpeleg med å søkje om støtte til spesialistutdanning i allmennmedisin via tilskotsordninga "ALIS Næring" frå Helsedirektoratet dersom ikkje søkjar er spesialist.
Ein kan og vurdere om ein omgjer fastlegeheimelen til ein fastløna lege om dette er mest tenleg for den rette søkjar.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov- og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter Forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen. Vilkår for overtaking må avtalast med eksisterande heimelshavar.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med heimelshavar Waleed Brisam (telefon 913 46 197) eller helse- og sosialsjef Anne Økland (telefon 909 86 971).

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Fitjar kommune
Kontaktpersoner
Navn: Waleed Brisam
Tittel: Heimelshavar
Telefon: 913 46 197
Navn: Anne Økland
Tittel: Helse- og sosialsjef
Telefon: 909 86 971
Arbeidssted
,
5419 FITJAR
Søk på stillingen