Kort om arbeidsgiver

Vi har behov for å styrkje vårt team, og søkjer no etter overlege i patologi. Tilsetting etter avtale.  

Vil du vere med på vinnerlaget for å skape framifrå helsetenester for våre pasientar i eit spennande fagmiljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!

Avdeling for patologi er ei av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk i Helse Møre og Romsdal. Vi er lokalisert ved Ålesund sjukehus. Avdelinga har i dag tre overlegar og tre LIS legar. Avdelinga innehar høg fagleg kompetanse og er godkjent for 4 år teljande teneste i spesialiteten patologi. HMR HF og Avdeling for patologi arbeider med ein plan for opptrapping for å sikre fagleg robustheit, spisskompetanse, samt eit breitt og godt fagmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk av biopsiar, operasjonspreparat og cytologiske prøvar
  • Obduksjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk legeautorisasjon 
  • Spesialist innan patologi
  • Må meistre skandinavisk språk godt både munnleg og skriftleg
  • Kunnskap og ferdigheiter innan faget vert vektlagt
  • Søkjaren må legge ved utfylt søknadsskjema for legestillingar

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har vilje til å bidra til eigen og andre sin kompetanse
  • Du har god arbeidskapasitet
  • Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.              

Vi tilbyr

  • Eit godt og åpent arbeidsmiljø
  • Friheit under ansvar og mogelegheiter for individuelt tilpassa arbeidstid
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd

Det er ingen vaktordning i avdelinga. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Erik Tødenes
Tittel: Klinikksjef
Telefon: 900 58 631
E-post: Per.Erik.Todenes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Patologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen