Kort om arbeidsgiver

Seksjon for klinisk farmakologi ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet innan klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi, og er godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.  

Seksjonen har tilsett 6 overlegar, 3 legar i spesialisering (LIS) og 7 farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling og ein har hovudstilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i føretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest, og ein av overlegane er førebels dens leiar.

Seksjonens medarbeidarar gir beslutningstøtte innan legemiddelbehandling til primær- og spesialisthelsetenesta , formidlar kunnskap om riktig bruk av legemiddel og driv forsking innan fagfeltet. 

Det er ledig 1 vikariat frå 01.03 2021 tom 31.12.2021 med moglegheit til forlenging. Seinare tiltredelse er også aktuell.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg medansvar for lege- og rusmiddelanalysar og tilhøyrande iagnostikk:                                                                                                                                                                   
    - Tolke analyseresultat som ledd i individretta behandling
    - Vurdere klinisk nytteverdi av lege- og rusmiddelanalysar, samt deira preanalytisk og analytisk kvalitet
    - Bidra til vidareutvikling av analysetilbodet i samarbeid med relevante kliniske miljø
       
  • Fagleg medansvar for formidling av rasjonell farmakoterapi:
    - Gje råd til helsepersonell i bruk av legemiddel i anledning effekt og biverknader                            
    - Delta i arbeid med produsentuavhengig legemiddelinformasjon                                                                                                                                                                                         - Delta i KUPP-Kunnskapsbaserte oppdateringsvisitter for fastlegar  
    - Delta i arbeid med biverknader
    - Delta i arbeid i legemiddelkomiteen
    - Delta i vaktordning måndag til fredag frå kl. 0800 - 1600  

Den som blir tilsett vil få moglegheit til å delta i prosjekt knytt til vårt fagområde. 

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i klinisk farmakologi eller annan klinisk erfaring, fortrinnsvis innan allmennmedisin, indremedisinske fag, psykiatri eller rusmedisin vert lagt vekt på 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne innan norsk og engelsk
  • Erfaring frå arbeid i eit laboratorium vert lagt vekt på  
  • Erfaring og interesse med forsking og undervisning vert lagt vekt på 

Personlege eigenskapar

  • Du må:
    - ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
    - vere motivert for fagleg utvikling og forsking, samt undervising
    - ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Personleg egnethet vert lagt vekt på 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God opplæring
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Tid til fagleg fordjuping og utvikling
  • Lønn etter gjeldande overeinskoms
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Tormod Karlsen Bjånes
Tittel: Overlege, PhD
Telefon: 55973065
E-post: tormod.karlsen.bjanes@helse-bergen.no>
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen