Kort om arbeidsgiver

Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH innleggingar.

Det er ledig vikariat for overlege ved Augeavdelinga tom 31. august 2021 med moglegheiter til forlenging. LIS i sluttfasen av spesialisering og som treng sentralteneste, kan også søkje vikariatet.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inneber ulike arbeidsoppgåver, spesielt i retinapoliklinikk men òg etter kvalifikasjonar
  • Den som vert tilsett vil gå inn bakvaktsjikt som for tida er 14-delt
  • Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggjande og polikliniske pasientar
  • Vedkomande må ta del i undervising av legestudentar og anna helsepersonell 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • For å bli vurdert med omsyn til stillingane, vil kompetanse innan dei nemde fagfelta vere avgjerande

Personlege eigenskapar

  • Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
  • Erfaring og interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging
  • Rettleiing etter gjeldande avtalar samt eit særs godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode kollegaer!
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Frank Tore Jenssen
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55974154
E-post: frank.jenssen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Augeavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen