Kort om arbeidsgiver

Radiologisk avdeling har ca 350 flinke og engasjerte medarbeidarar og ein moderne utstyrspark. Vi er i stadig endring og aukar aktiviteten vår for kvart år og det er for tida ca 60 overlegar og 20 LIS i avdelinga. Avdelinga har ein stor aktivitet innan forsking, det er til ein kvar tid knytt PhD-stipendiatar til avdelinga og avdelinga deltar i både nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Frå 2021 vil røntgenavdelinga på Voss sjukehus bli integrert i Radiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Voss sjukehus har akuttfunksjon innanfor indremedisin, gynekologi/fødselshjelp og kirurgi. Nedslagsfeltet for akuttfunksjonen er Voss, Hardanger og indre Sogn. Røntgenavdelinga på Voss har 3 overlegar, derav 2 som fjernbeskriv, samt 11 radiografar og 2 merkantilt tilsette.

Når røntgenavdelinga på Voss blir ein del av avdelinga, søkjer vi 3 dyktige radiologar som for tida vil ha delar av tenesta ved Voss sjukehus, der ein vil jobbe som generell radiolog. På Radiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus vil ein bli knytta til ein av følgjande seksjonar: seksjon for muskel- og skjelettradiologi, seksjon for gastroenterologisk og onkologisk radiologi eller seksjon for nevroradiologi. Utgangspunktet er 50% på Voss og 50% på Haukeland, men dette kan tilpassast den enkeltes behov. Det vil i all hovudsak vere dagtidsarbeid på Voss, og det vil vere mogleg å kombinere dagtidsarbeid og vaktarbeid på Haukeland.

Det vil vere anledning til å drive forsking, overlegane i avdelinga driv opplæring og rettleiing av LIS i radiologi, i tillegg til oppgåver knytta til undervising av medisinstudentar.

 

Her kan du lese meir om avdelingane:

https://helse-bergen.no/avdelinger/radiologisk-avdeling

https://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/rontgenavdelinga-voss

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsarbeid, behandling av tilvisingar og tolking av undersøkingar
  • Jamnlege demonstrasjonar
  • Førebuing og deltaking på MDT møte
  • Ultralydsverksemd og enklare intervensjonar
  • Rettleing av dei LIS-legane som til ein kvar tid har teneste ved seksjonen
  • Undervising av medisinstudentar
  • Ta del i prosessar som fremjar god arbeidsflyt og produktivitet
  • Bidra til god samhandling innan avdelinga og med samarbeidande avdelingar

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i radiologi (eller ha kort tid igjen til ferdig spesialist)
  • Kompetanse i invasive prosedyrar vil telje positivt 
  • Søkjar må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg. Helse Bergen har som policy at søkjarar med anna morsmål enn skandinavisk språk skal ha godkjend Bergenstest eller annan tilsvarande språktest

Personlege eigenskapar

  • Positiv innstilling og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å prioritere for å gje pasientane best mogleg utredning og behandling
  • Fleksibilitet og gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjement
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Kari Løhre Kuvås
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55 97 28 65
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen