Kort om arbeidsgiver

Stord sjukehus har ledig 100 % fast stilling som overlege i anestesiologi.

Kan du tenke deg å busette deg på øya Stord? Her bur du nær havet og vakre vestlandsfjell, tett på byliv med restaurantar, butikkar, kultursenter og idrettsanlegg. 

Sjukehuset på Stord har eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar. Avdelinga har om lag 2500 anestesiar kvart år og tener generell kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk samt tannbehandling, ØNH og urologiske inngrep. Vi har og ei intensivavdeling der anestesilegane mellom anna bidreg med respiratorbehandling. Ein inngår i traumeteam og i nyfødd resuciteringsteam. Vi har 5 overlegeheimlar. Som anestesilege hos oss inngår ein i 5-delt vaktordning med pr. no heimevakt delar av døgeret. Mogleigheit for 6-delt vaktordning på sikt. Pr no har ikkje Stord sjukehus LIS-legar i anestesiologi.


Vi ønskjer ikkje å bli kontakta av annonseseljarar.

Arbeidsoppgåver

  • Variert anestesiologisk arbeid med hovudvekt av ortopediske inngrep.
  • Anestesioverlegen inngår i eksisterande vaktordning.
  • Avdelinga kan legge til rette for at ein kan fordjupe seg i område ein er spesielt interessert i, t.d. traumebehandling, blokadar, smertebehandling, nyføddresucitering eller anna.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Spesialistgodkjenning i anestesiologi. LIS i sluttfase av spesialiseringa vert også oppmoda til å søke.
  • Relevant praksis og erfaring vert vektlagd.
  • Ein må kunne inngå i eksisterande vaktordning.
  • Gode språkkunnskapar er eit krav. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad. 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonseevner og personleg kompetanse blir vektlagd.
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Bidrar til eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på tvers av seksjonar.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Konkuransedyktig pensjonsordning.
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Leige av bustad på sjukehusområdet, oppgi evt. behov i søknadstekst.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Fagleg utvikling gjennom løna utdanningspermisjon ihht gjeldande overeinskomst og 10 permisjonsdagar til etter- og vidareutdanning pr. år.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Britt Johanne Rikstad Myklevoll
Tittel: Seksjonsleiar
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Akuttmottak og anestesi seksjon Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillingen