Kort om arbeidsgiver

Indre Sogn psykiatrisenter har ledig vikariat for lege i spesialisering frå mars 2021. For særleg kvalifiserte søkarar som ønskjer å utdanna seg til psykiater er det aktuelt med fast tilsetting.

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Vi held til i vekstkommunen Sogndal, med mange og varierte arbeidsplassar. Kommunen er også kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for friluftsliv.

Seksjon Døgn har sengepost, aktivitetseining og ambulant team. Seksjon Dag har mellom anna generell psykiatrisk poliklinikk, TSB team og alderspsykiatrisk team.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gje til kjenne dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk vurdering/utredning
  • Individual terapi
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Arbeid som LIS ved seksjon Døgn, men det kan og vere aktuelt med arbeid ved seksjon Dag (poliklinikk)
  • Deltaking av bakvaktordning med dei andre legane på senteret

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Førarkort klasse B (alternativt få førarkort innan rimeleg tid)
  • Må beherske norsk munnlege og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)

Personlege eigenskapar

  • Evne til å samarbeide tett og godt med andre
  • Engasjement for faget og pasientgruppa
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Øyvin Myrmel
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 415 30 396
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde
Dalavegen 29
6851 Sogndal
Søk på stillingen