Kort om arbeidsgiver
Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk mikrobiologi

Avdeling for medisinsk mikrobiologi omfattar 2 seksjonar: Seksjon Molde og Seksjon Ålesund, og yter service til alle fire sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal.
Den pågåande pandemien, stigande førekomst av antibiotikaresistens og ein stadig større populasjon av immunsupprimerte/infeksjonsutsette pasientar gjer at faget veks i omfang og viktigheit.
Medisinsk mikrobiologi er eit klinikknært laboratoriefag og dei daglege arbeidsoppgåvene for legane i avdelinga er i stor grad i grensesnittet mellom laboratorium og klinikkar.
 
Vi har ledig vikariat i 100% stilling for Lege i spesialisering i perioden 01.02.2021 - 31.01.2022
Stillinga er forbeholdt kandidatar som ønskjer spesialitet i medisinsk mikrobiologi.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV

Arbeidsoppgåver

  • Kontorstad for legane i avdelinga er ved seksjonen i Molde, men ein må pårekne regelmessige reiser til Mikrobiologi Ålesund.
  • LIS deltek i primærvaktordning. 

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer å byggje eit solid fagmiljø i føretaket, og søkjer kreative og initiativrike medarbeidarar.

Vi tilbyr

  • Tilsettingsvilkår etter gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  •  Ønskjer du å drive med forskning kan det leggast til rette for dette.
  • For meir informasjon om vår region, sjå https://www.visitnorthwest.no/
 
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Einar Nilsen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 71222139
Hjemmeside
Arbeidssted
AVDELING FOR MEDISINSK MIKROBIOLOGI, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sykehus
6412 Molde
Søk på stillingen