Vinje har tre legekontor. Hovudkontoret ligg i Åmot, og vi har utekontor på Rauland og Edland
Legetenesta har fem legeårsverk, sjukeheimslege og ein turnuslege. Fastlegelista har ei listelengde på 850 pasientar.
Som lege i Vinje vil du få kommunal fastløn.
Kommunen er vertskommune for Tokke – Vinje legevakt, lokalisert til legetenesta sine lokaler i Åmot. Legevakta er 10-delt
Vi tilbyr gode ordningar, varierte oppgåver og eit spanande arbeidsmiljø.
Du må ha norsk autorisasjon, gode samarbeidsevner og gode norskkunnskaper

Vi ynskjer primært at du fyller kvalifikasjonskrav jf. Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse og omsorgstjenesten.
Det er tilrettelagt for administrasjonstid, og det må påreiknast kommunale oppgåver slik som tilsyn og helsestasjon.
Vikariatet inngår i legevaktordninga.
 
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommuneoverlege Marius Opsahl tlf 35 06 25 00.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vinje kommune
Kontaktperson
Navn: Marius Opsahl
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 35 06 25 00
Arbeidssted
,
3890 VINJE