Kort om arbeidsgiver

Vi søker LIS / spesialistlege i fysikalsk medisin og rehabilitering til fysikalsk medisin og rehabilitering poliklinikk (FMR pol). 

Fysikalsk medisin og rehabliltering er i Helse Førde eit fagfelt i vekst og utvikling. I eiga avdeling har vi siste åra hatt fleire utviklingsprosjekt som har fått merksemd utanfor eige føretak, no i kvaltietsutvikling knytt til bruk av VR, telemedisin, m.m. I planlagt nytt sjukehusbygg er eiga avdeling dimensjonert med 8+2+2 sengeplassar. Avdelinga består av fire seksjonar. Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering, smertepoliklinikk og Læring og Meistring er samla i ein seksjon. Dei tre andre er medisinsk heimebehandling, fysioterapi og ergoterapi. Per i dag har avdelinga 4 senger for rehabilitering i felles sengepost for nevrologi, revmatologi og rehabilitering. Både i poliklinikk, sengepost og for ambulante tenester er det tverrfagleg samarbeid med sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, sosionom, logoped, psykolog og nevropsykolog.  

Den som vert tilsett får høve til å tilegne seg brei klinisk erfaring i samarbeid med dyktige kollegar i eit innovativt og nytenkjande arbeidsmiljø. Vi har fokus på grundige utgreiingar, heilskapleg forståing og tilnærming, bruk av velferdsteknologi og telematikk. Tilgangen på spesialisthelsetenestene tilhøyrande sjukehuset er god.

Oppstart stilling: 01.01.2021  

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk fagleg rådgjevar og utdanningsansvarleg overlege (ved tilsetting av overlege)
  • Til stillinga ligg ordinært klinisk pasientarbeid, individuelt og i gruppebaserte tilbod, samarbeid internt og eksternt. 
  • Medvirkning i fagleg utvikling
  • Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling
  • Sporadisk reiseaktiviet knytt til ambulant verksemd
  • Deltaking i sengepost og smertepol. må kunne påreknast

Kvalifikasjonar

  • Vi søker spesialistlege med interesse for tverrfagleg samarbeid og arbeid i team, erfaring frå spesialisthelseteneste 
  • Relevant erfaring relatert til samansette muskel og skjelettplager, smerter, arbeidsretta rehabilitering, og tverrproffesjonelt arbeid er ynskjeleg
  • Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter 
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
  • Utdanningsretning: Medisin
  • Utdanninstittel: Spesialistlege fysikalsk medisin og rehabilitering / LIS

Personlege eigenskapar

  •  Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen og tilbodet i eigen seksjon og helseføretaket for øvrig
  •  Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og omsynsfull.
  •  På jobb er du positiv, strukturert, løysingsorientert og raus 
  •  Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Moglegheit for fagleg utvikling

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Hanna Froehlke-Sollie
Tittel: Overlege
Telefon: (+47) 578 39 163
Navn: Are Mikael Lillebø
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 988 52 113
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering, Helse Førde
Førde Sentralsjukehus
6807 Førde