Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og
Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. 
Døgnseksjonen består av ein akutt-
og utredningseining i Ålesund, og ei familieeining i Molde.

Vi har ledig ei fast stilling for LIS ved BUP poliklinikken i Molde frå snarast. Vi har også ledig eit viklariat for LIS frå januar 2021.
Ver venleg å oppgi i søknadsteksten kva stilling du søkjer på
Legane vil ha arbeidsstad på poliklinikken i Molde (BUP). BUP Molde har ei stabil bemanning av overlegar og kan gi LIS-legane god oppfølging med rettleiing og undervisning.  Det blir underteikna ein individuell utdanningsplan ved tilsetting.

Poliklinikken i Molde (BUP) er lokalisert saman med Familieeininga, og har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familane deira. Vårt personale på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. I tillegg har vi småbarnsteam, akutt/ambulant team og eit spesialisert OCD-behandlingsteam.

Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er forventa arbeidsoppgåve. 

Arbeidsoppgåver

  • Planlagte arbeidsoppgåver er utgreiing og behandling av pasientar i alderen 0-18 år.
  • Det er forventa at legen deltek i seksjonen sitt akuttforløp.

Kvalifikasjonar

  • Vi ønsker oss ein LIS-lege med erfaring frå psykisk helsevern, gjerne både for vaksne og for barn og unge.
  • Den som blir tilsett må mestre norsk språk muntleg og skriftleg. 
  • Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting.
  • Fortrinnsvis ha gjennomført og fått godkjent LIS1- teneste.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss ein kollega som har erfaring frå arbeid i psykisk helsevern.
  • Du bør ha evne og vilje til samarbeid og omstilling.
  • Vi ønskjer oss ein tilsett som vil bidra i seksjonen si fag- og organisasjonsutvikling.
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag.  

Vi tilbyr

  • Vekeleg rettleiing av spesialist.
  • Strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning.
  • Individuell utdanningsplan ved tilsetteing.
  • Vanlig dagarbeidstid 0800 -1600.
  • Løn etter overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringspordningar.
  • Helse Møre og Romsdal HF legg vekt på å vere ei inkluderande verksemd.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hilde Sivertsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 712 17 485
E-post: hilde.sivertsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
ENHET FOR BUP POLIKLINIKK MOLDE, Helse Møre og Romsdal HF
Knausensenteret
6416 Molde
Søk på stillingen