Kort om arbeidsgiver
Avdeling for medisinsk biokjemi i Helse Møre og Romsdal, HMR, er organisert på tvers ved sjukehusa i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. I avdelinga er det tilsett to spesialistar innan medisinsk biokjemi i tillegg til bioingeniørar og helsesekretærar.

Laboratoria i HMR har døgnaktivitet og tilbyr analysar innan fagområda hematologi, klinisk kjemi, hormonar, proteinar, allergi, medikamentanalysar og transfusjonsmedisin.

HMR byggjer no nytt sjukehus, Sjukehuset Nordmøre Romsdal, SNR, på Hjelset utanfor Molde. For å ivareta den faglege kvaliteten ved valg av nytt analyseutstyr og implementering av analyseutstyr, søker vi no etter spesialist i medisinsk biokjemi. Den som blir tilsett vil få stor påverknad i oppbygginga av nytt medisinsk biokjemisk laboratorium ved SNR. 


Arbeidsoppgåver
  • Medisinsk fagleg rådgiving for dei kliniske avdelingane i HMR
  • Medisinsk fagleg rådgiving for bioingeniørar og anna personell i avdelinga
  • Bidra ved kravspesifikasjon, fagleg vurdering og implementering av analyseutstyr ved SNR
  • Delta i avdelingsrådet og vere med å avgjere valg av nye analysar, diskutere kvalitetsutfordringar og andre faglege spørsmål 
  • Halde interne og eksterne førelesingar 
  • I avdeling for medisinsk biokjemi er seksjonen i Ålesund akkreditert. Arbeidsoppgåver knytt til akkreditering i øvrige seksjonar i avdelinga.                                                 
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i medisinsk biokjemi
  • Beherske eit eller fleire skandinaviske språk, skriftleg og munnleg
  • LIS med kort tid igjen av spesialiseringa kan også søke 
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner og god til å finne løysingar
  • Stor arbeidskapasitet og omstillingsdyktig
  • Initiativrik, nøyaktig og strukturert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig   
Vi tilbyr
  • Vere med å bygge opp nytt moderne laboratorium ved SNR 
  • Godt arbeidsmiljø prega av samarbeid og kvalitet
  • Tydelige ansvarsforhold og godt samarbeid internt og mot øvrige kliniske miljø 
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Ingen vaktordning i avdelinga 
  • Fantastisk natur med vakre fjell og spektakulære fjordlandskap  
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Avdeling for medisinsk biokjemi
Kontaktperson
Navn: Brit Valaas Viddal
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 70105482
E-post: brit.valaas.viddal@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
,
6017 ÅLESUND
Søk på stillingen