Kort om arbeidsgiver

Ledig 100 % fast stilling som overlege ved Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal, kontorstad Molde.
Vil DU bli vår kollega? Vi søker etter overlege med interesse for habilitering.

Spesialisert habilitering NR er organisert som eigen seksjon i avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal. I tillegg har vi samarbeid mot somatiske avdelingar internt i foretaket og då særleg med nevrologisk avdeling. Vi held til i moderne lokaler i nærleiken av flyplassen i Molde, og skal på sikt flytte inn på SNR på Hjelset saman med habilitering for barn og unge,
Seksjonen gir spesialisttenester til pasientar med medfødde og tidleg erverva funksjonsnedsettelsar. Dette omfattar komplekse og sammensette funksjonshemmingar knytta til nevropsykiatriske og nevromuskulære lidingar, utviklingsforstyrringar og genetisk betinga tilstandar. Pasientene har ofte tilleggsproblematikk med psykisk utviklingshemming, spesifikke lærevanskar og sammensette psykiatriske og nevrologiske lidingar.

Seksjonen har i dag 20,5 stillingar. Vi har eit tverrfagleg miljø med totalt 18 fagstillingar. Seksjonen gir eit poliklinisk og ambulant tilbod til innbyggarar på Nordmøre og i Romsdal. 

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk og oppfølging av sammensette nevromuskulære, genetiske, psykiatriske og nevropsykiatriske tilstandar hos målgruppa
  • Tverrfagleg utgreiing og diagnostikk av autismespekterlidingar
  • Tverrfagleg utgreiing og diagnostisering av årsaksdiagnose og kognitive vanskar med komplekse og sammensette funksjonshemmingar
  • Deltaking i tverrfagleg habiliteringsarbeid, herunder rettleiing/kurs retta mot pasientar, pårørande og primærhelsetenesta
  • Fagleg rettleiing av andre yrkesgrupper i seksjonen
  • Deltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving i seksjonen
  • Utgreiing foregår poliklinisk, eventuelt gjennom ambulante observasjonar i pasienten sitt heimemiljø, då i samarbeid med andre faggrupper

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter spesialist i psykiatri, nevrologi eller fysikalsk medisin, men spesialist i allmenmedisin med relevant erfaring er også velkommen til å søke

Personlege eigenskapar

  • Evne til sjølvstendig planlegging og gjennomføring av arbeidet
  • Gode evner til samarbeid i eit tverrfagleg miljø
  • Sans for ein diskusjon og humor
  • Vi forutset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk, både skriftlig og munnleg

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg miljø med kvalifiserte og engasjerte kollegaer
  • Eit spennande fagområde som er i utvikling
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tilrettelegging for kompetanseutvikling og samarbeid med erfarne kollegaer
  • Fleksitidordning og sjølvstendig planlegging av eigne arbeidsdagar
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentlig pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring  
  • En arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Hilde Husby
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 415 54 505
Navn: Hedvig Solbakken
Tittel: Overlege
Telefon: 71212030
Hjemmeside
Arbeidssted
Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Eikremsvingen 2 D
6422 Molde