Kort om arbeidsgiver

Ved medisinsk avdeling ved Stord sjukehus, er det ledig stilling for lege i spesialisering, vikariat i perioden 01.11.2020 - 10.01.2022.                                                                       Vi har utdanningsprogram for LIS 2 og LIS3 indremedisin. 

* Medisinsk avdeling har 8 overlegestillingar, 7 stk LIS2/ LIS3 og 5 stk LIS1. Vaktordning i 3-skikt.

* Avdelinga dekker spesialitetane kardiologi, gastro, lunge, nyre og endokrinologi.

 

Medisinsk avdeling  har :

* 2 sengeposter

* Felles  intensiv/oppvaknings avdeling. Dialyse-behandling knytt til intensiv-avdeling

* Medisinsk poliklinikk.

* Helsesekretær-teneste

 

Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi.  I tillegg til medisinsk avdeling, har Stord sjukehus akuttmottak,  kirurgisk avdeling, anestesiavdeling, røntgenavdeling med CT- og MR-lab, laboratorium med blodbank,  terapeuttenester og avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering, Føde og gyn-avdeling.

Opptaksområdet til Stord Sjukehus er dei 5 Sunhordlandskommunane, med samla folketal på ca 50 000 innbyggjarar. 

Stord har fin og variert natur og gir høve til mange naturopplevingar. Godt utbygde barnehage- og skuletilbod. Vidaregåande  skule med mange linjeval, og Høgskulen Vestlandet, campus Stord. Gode aktivitetstilbod innan idrett og kultur til barn og vaksne.

Stord ligg mellom Bergen og Stavanger med ca 2 timers reiseveg til begge byane. Det er flyplass på Stord med mellom anna daglege flygingar mellom Stord og Oslo. 

Arbeidsoppgåver

* LIS 2 deltek i utgreiing og behandling av medisinske pasientar, både i akuttmottak, ved sengepost, intensivavdeling og ved poliklinikk.

* LIS 2 går for tida i 7-delt vaktordning.

Kvalifikasjonar

Søker må :

* ha norsk  autorisasjon som lege.

* ha gjennomført LIS1-teneste.

* beherska norsk munnleg og skriftleg tilsvarande bestått Bergenstesten.

* arbeida kunnskapsbasert og etter gjeldande rutiner og medisinske  prosedyrer.

Personlege eigenskapar

* Sjølvstendig

* Ansvarsbevisst

* Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

* Trivast i ein aktiv og travel arbeidssituasjon

* Like varierte utfordringar

Vi tilbyr

* Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

* Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

* Hjelp med bustad.

* Høgt fagleg nivå og samarbeid med kompetente medarbeidarar.

* Fagleg og personleg utvikling

* Veiledning gitt av medisinsk legespesialist.

* Godt arbeidsmiljø

 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Philipp Reichel
Tittel: seksjonsoverlege
Telefon: 41075030
E-post: philipp.reichel@helse-fonna.no
Navn: Sunniva Austlid
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 53491147
E-post: sunniva.austlid@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Tysevegen 64
5416 STORD