Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) har ledig vikariat for LIS3 fom 15.02.2021, men med mulighet for oppstart desember 2020. 

Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) er ei generell pediatrisk avdeling som tek imot nyfødde og premature fom gestasjonsalder 31, yngre etter dei er behandla og stabilisert ved regionsjukehus. Elles har avdelinga alle barn og unge frå 0-16 år - kronikarar til 18 år. BUA jobbar for å heve aldersgrensa for alle unge til 18 år i tråd med nasjonal Ungdomshelsestrategi.

BUA har, i tillegg til sengepost, poliklinikk, habiliteringstilbod og ambulerande poliklinisk teneste til Lærdal og Eid. 

Arbeidsgjevar har ansvar for spesialiseringsløpet. Delar av LIS 3-tenesta føregår på regionsjukehus, anten
ved HUS eller SUS.

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstilande politiattest
(vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a (gjeld arbeid med barn og
utviklingshemma). 

Arbeidsoppgåver

  • Visittarbeid ved sengepost, vakt og poliklinikk utgreiing og behandling av barn i alder 0 til 16 år (18).
  • Legar i spesialisering arbeider breitt og i stor grad sjølvstendig, under tilsyn og rettleiing av overlege.
  • LIS deltek aktivt i høve undervisning i avdelinga, samt i prosjekt- og utviklingsarbeid som BUA er ein del av.      

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Må ha utdanning og norsk autorisasjon som lege
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge i Barne- og ungdomsavdeling vil bli føretrekt    

Personlege eigenskapar

  • Utadvent
  • Strukturert 
  • God kommunikasjonsevne med barn og pårørande
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeidsvillig
  • LIS som ønskjer å bli spesialist i barnesjukdommar og som har erfaring frå arbeid i barne- og ungdomsavdelinga vil bli føretrekt            

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
  • Langtidsplanlegging av arbeidstid, fråvær (som t.d ferie) og oppgåver  
  • Grundig opplæring ved oppstart.
  • Tett, trygt og godt samarbeid med spesialist i barnesjukdommar, erfarne pleiarar og leiing
  • Spennande og bredt fagområde der ein får prøve seg i praksis i mange forskjellige prosedyrer og situasjonar
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Solveig Horstad Berget
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 116
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Barne- og Ungdomsavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde