Kort om arbeidsgiver

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.   

Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.. 

Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdomen, og redusere biverknadane.

Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er 23 LIS-legar og rundt 30 overlegar.

Vi har no ledig ei fast stilling som lege i spesialisering i onkologi (LIS 3). I tillegg har vi ledig fleire LIS - vikariat av 6 til 18 månaders varigheit, med svært god mogeligheit for forlenging. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga.

For fast stilling gjeld følgjande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i onkologi. Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Bergens-området, inkludert sideutdanning. Etter fullført spesialisering, vil stillinga(ne) bli omgjort til stilling som legespesialist.

Tiltreding i stillingane seinast 1. mars 2021. Opplys i søknaden om du søkjer fast stilling, vikariat eller begge.

Arbeidsoppgåver

  • Legar i spesialisering vil i rotasjon vere fordelt på ulike team på sengepostane. Legar i spesialisering deltar i postarbeid med mellom anna visittgang, inn- og utskriving av pasientar, poliklinikk og vurdering av pasientar saman med overlege. Seinare får legar i spesialisering under supervisjon av overlege sjølvstendige oppgåver knytta til vurdering av behandlingsopplegg, inkludert strålebehandling med målvoluminnteikning
  • Det er p.t. 23-delt tilstadesvakt  

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som fast LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i onkologi
  • For vikariata er det ein fordel om du har godkjend turnusteneste/LIS, men legar som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og søkje på vikariat 
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Anna som blir lagt vekt på er vitskapelege merittar og evner. Dokumentert relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Er effektiv og rasjonell når ein utfører sitt arbeid
  • Forstår raskt komplekse spørsmål og problem
  • Demonstrerer god fagleg kunnskap og vurderingsevne, og kan integrere dette i sitt daglege arbeid og i fagutvikling på ein god måte
  • Identifiserer og skil ut kva som er relevant informasjon om ein pasient, og sikrar korrekt oppfølging av pasienten
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og anna helsepersonell, kan tilpasse og formidle kompleks informasjon til desse
  • Behandlar pasientar og pårørande profesjonelt, respektfullt og empatisk, møte menneske i krise på ein god måte
  • Har god munnleg og skriftleg presentasjonsevne
  • Har vilje og evne til å tilpasse seg skiftande krav og tilhøve
  • Stillingane passar godt til legar med stor fagleg interesse og arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • God opplæring og rettleiing av erfarne legar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit givande arbeid og anledning til å utvikle seg mykje personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø    

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Ása Karlsdottir
Tittel: Ass. avdelingsoverlege
Telefon: 55974021/ 55972010
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen