Kort om arbeidsgiver
Pleie-og omsorgstenesta har ledig fast 100 % stilling som sjukeheimslege.
 
 
Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter er hovudarbeidsstad. Det kan òg bli aktuelt å
jobbe ved Fusa bu- og behandlingssenter etter behov.
 
Luranetunet bu- og behandlingssenter har to korttidsavdelingar, åtte langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter,
base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der
temperaturen er behageleg heile året. I Tropehagen har vi ei rekke aktivitetar både på dag- og kveldstid. Det er ein god
stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette.
 
Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk
behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som
treng avlastning eller medisinsk utgreiing, og har to kommunale ØH-senger innan somatikk, rus og psykiatri.
 
Arbeidet som sjukeheimslege omfattar utgreiing, behandling og oppfølging av bebuarar ved buavdeling og
demensavdeling, og legevisitt på kortidsavdelingane og ØH-sengene med oppfølging av medisinske problemstillingar.
 
Brukarmedverknad, tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande og fastlegane i kommunen er i fokus på alle
avdelingane våre.
Sjukeheim er en viktig arena for spesialisering i allmennmedisin. Vi tilbyr allmennmedisinsk teneste i sjukeheim. For
dei som spesialiserer seg etter ny ordning, er det òg mogeleg å få institusjonsteneste i kommunal helseinstitusjon. Vi
tilbyr utdanningsplan, rettleiing og supervisjon i tråd med den nye spesialistforskrifta.
 
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, behandling og oppfølging av bebuarar, inkludert legevisitt, årskontrollar og legemiddelgjennomgang
- Tverrfagleg samarbeid
- Rådgiving og rettleiing av helsepersonell, eventuelt bidra i internundervisning
- Bidra til kvalitetssikring og utvikling av tenesta
- Samarbeid med pårørande og fastlegen i kommunen
- Kan om ønskeleg delta i legevaktsordninga
 
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon til å arbeide som lege ved sjukeheim og legevakttenesta
- Gode faglege kvalifikasjonar, gjerne relevant spesialutdanning, eller under relevant spesialistutdanning
- Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkar må ha gode kommunikasjonsevner, og god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne,
 norskkunnskapar minimum tilsvarande Bergenstesten
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent
- Gyldig politiattest må leggast fram
 
Personlege eigenskapar
- Interesse for feltet sjukeheimsmedisin
- Ansvarsbevisst, med fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
- Gode samarbeidsevner
 
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og lønn etter avtale.
- Allmennmedisinsk teneste i sjukeheim for spesialisering i allmennmedisin.
- Moglegheit for institusjonsteneste i kommunal helseinstitusjon for ALIS i ny ordning
- Utdanningsplan, rettleiing og supervisjon for ALIS etter ny spesialistforskrift
- Moglegheit for å delta på kurs og fagutvikling
 
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
 
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
 
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har
internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta
kontakt med personalavdelinga.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Maren Nygard
Tittel: Lege
Telefon: 977 17 172
E-post: many@bjornafjorden.kommune.no
Arbeidssted
Luranetunet bu- og behandlingssenter
Solstrandvegen 39
5200 OS