Hovudarbeidsoppgåver
- Fastlege oppgåver
- Pliktig deltaking i Interkommunal legevakt
- Vindafjord kommune har legevaktsamarbeid med Etne kommune
- Det kan tilpliktast 20% kommunale oppgåver i stillinga

Kvalifikasjoner
- Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
- Fylle krava til Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse - og omsorgstenesta
- Norsk autorisasjon
- God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge som lege
- Gode ferdigheter i kommunikasjon og samhandling
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg

Andre opplysninger
Vikedal legekontor er ein gruppepraksis med totalt 2 legeheimlar.
Legekontoret har gode lokalar, er godt utstyrt og har stabilt og dyktig hjelpepersonale.
Fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande i fastlegeordninga.
Som sjølvstendig næringsdrivande i fastlegeordninga vil kommunen dekke driftskostnadene.
Kommunal tilsetjing kan vurderast.
Kommunen har totalt 3 legekontor, (Vikedal legesenter, Ølen legesenter og Vindafjord legesenter.) Totalt 11 fastlegar + 1 Lis 1 lege.
Legekontoret nyttar System X- datasystem.
Legen må disponere eigen bil.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram
godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på
tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar.
Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til
MRSA.

Personlege egenskaper
- Du må lika å arbeida sjølvstendig og ta ansvar
- Du må ha evne til fleksibilitet og handlekraft og behalda roen i stressa situasjonar.
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no

Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i
.pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste
sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Helse
Kontaktpersoner
Navn: Niels Sebastian Stuhr
Tittel: Fastlege
Telefon: 45804732
E-post: niels.sebastian.stuhr@vindafjord.kommune.no
Navn: Maren Tjelmeland Hustoft
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 92482820
E-post: maren.hustoft@vindafjord.kommune.no
Navn: Terje Egil Kleiven
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 93438664
E-post: terje@isvik.no
Arbeidssted
Vikedal legekontor
Holmen 1
5583 VIKEDAL