Kort om arbeidsgiver
Kronstad Distriktspsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen, Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit moderne bygg på Danmarksplass.

Ønskjer du ein variert og spennande arbeidsdag, der du får anvendt fagkunnskapen din på mange ulike måtar? Då kan dette vere noko for deg! Vi søkjer no etter spesialist i psykiatri.

Kronstad DPS ønskjer å styrkje psykiaterkompetansen i Seksjon for akutte tjenester (SAT) og i den forbindelse søkjer vi no etter overlege. SAT er p.t. no bemanna med overlege, 2 psykologspesialistar, 1 psykolog og seksjonsleiar/psykiatrisk sjukepleiar. SAT har ansvar for alle akuttvurderingar og vurderingar med kort frist, og fullfører fleire oppfølgingsløp etter akuttvurdering. Ei av hovudmålsetjingane med oppfølging av SAT er å tilby god akuttbehandling og unngå unødig innlegging. SAT følgjer opp pasientar i avgrensa behandlingsforløp, i all hovudsak i kontora ved avdelinga.

SAT tar i mot tilvisingar frå legevakt, poliklinikk, fastlegar, sjukehus og private spesialistar. SAT har hovudansvar i akutthjelpsordninga ved Kronstad DPS med daglege akuttvurderingar. SAT deltar på fellesundervising, fagutvikling og anna samhandling ved Kronstad DPS.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje vidare organisatorisk og fagleg utvikling av SAT saman med teamet og i tråd med sentrale føringar og lokale retningsliner. Vurdere og behandle akuttpsykiatriske tilstandar, samt vurdere riktig vidare oppfølging/ behandling der dette er aktuelt
  • Samarbeide med poliklinikkar og sengepostar i DPS og med øvrige instansar som har med pasienten å gjere
  • Vurdering av tilstand og behandlingsbehov hos pasientar som er tilvist akuttime i DPS, og starte eller fullføre dette behandlingsforløpet. Pasientar i SAT blir følgt opp i avgrensa behandlingsforløp 
  • Rettleiing av LIS- legar 
  • Du må kunne jobbe strukturert og målretta samtidig som du kan handtere ting ad hoc, og bidra positivt til arbeidsmiljøet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend spesialist i vaksenpsykiatri eller snart godkjend spesialist
  • Erfaring frå akuttpsykiatri
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og arbeide sjølvstendig
  • Ønskje om å utvikle teamet til det beste for pasientane
  • Trivast med varierte arbeidsoppgåver og teamarbeid
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Anledning til å delta i utforminga vidare av Seksjon for akutte tjenester og i Kronstad DPS
  • Eit godt fagleg fellesskap med høg kompetanse og høg trivsel, der tryggleik på kvarandre og gjensidig støtte er viktige pilarar
  • Lønn etter avtale
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Gunnhild Karlsen Vatle
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 91375045
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Avdeling Allmennpsykiatri/ Kronstad Seksjon for akutte tenester, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36
5054 Bergen