Kort om arbeidsgiver
Sjukeheimoverlege

Stord kommune har ledig stilling for sjukeheimoverlege frå 01.01.21.

Stillinga er nyoppretta i samband med at 2 legar sluttar for aldersgrensa. Det vert klinisk retta arbeid på lik line med dei andre sjukeheimslegane i deltidsstillingar. Legen skal vera medisinsk fagleg rådgjevar i sjukeheimen, ta del i inntak og fordeling av pasientar og kvalitetsutviklingsarbeid. Søkjar vil såleis kunna vera med og forma ut innhaldet i stillinga framover.

Stillinga kan kombinerast med fastlegeheimel som vert ledig, eller anna allmennmedisinsk/ samfunnsmedisinsk arbeid. 

Vilkår
  • I tilfelle kombinasjon med fastlegeavtale har legen har vaktplikt i Sunnhordland interkommunale legevakt inkludert KAD.
  • Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.
Vaktordning

Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.

Vi legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette. Det vert individuelt tilrettelagd støtte for utdanning i samfunnsmedisin etter nærare avtale.
Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk eller etter avtale. Det må leggjast fram politiattest.
 
Kontakt kommunalsjef Knut J. Gram på 97552011, e-post: knut.j.gram@stord.kommune.no eller kommuneoverlege Lars Helge Sørheim på 990 95 893, e-post lhs@stord.kommune.no for nærare opplysningar.

Søknadsfrist: 15.11.2020

Søk på stilling
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Stord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Knut J. Gram
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 97552011
E-post: knut.j.gram@stord.kommune.no
Navn: Lars Helge Sørheim
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 95 893
E-post: lhs@stord.kommune.no
Arbeidssted
,
5402 STORD