Kort om arbeidsgiver
Fastlegeavtale

Stord kommune har oppretta ny fastlegeavtale som vil få 600-800 personar overført på liste ved etablering.

Praksisen er lokalisert i Landsbylegane Stord sentralt på Leirvik. Det er eit senter med 4 legar der 2 er spesialistar i allmennmedisin. Praksisen har stabil arbeidsstokk og tilsette med lang erfaring. Det er Infodoc journalsystem og eige kvalitetssystem i praksisen. Landsbylegane Stord skal flytta til lokale i det nye Helsehuset 01.06.2021.

Vaktordning

Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.

Vilkår
  • Legen får gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved kontoret. Overtakingsvilkår og etablering av praksis ved legekontoret vert avtalt direkte med aktuell fastlege. Kommunen kan i tillegg tilby anna allmennmedisinsk arbeid.
  • Legen må ta del i vaktordning på dagtid og i Sunnhordland interkommunale legevakt.
  • Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.
Vi legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette. Det vert individuelt tilrettelagd støtte for utdanning i allmennmedisin etter nærare avtale.

Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.
 
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Det må leggjast fram politiattest.

Kommuneoverlege Lars Helge Sørheim kan kontaktast på 990 95 893, e-post: lhs@stord.kommune.no
eller Landsbylegane v/aktuell fastlege Gunhild Sundal på 922 87 628, e-post gunsun@broadpark.no for nærare opplysningar.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Stord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Lars Helge Sørheim
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 95 893
E-post: lhs@stord.kommune.no
Navn: Gunhild Sundal
Tittel: Fastlege
Telefon: 922 87 628
E-post: gunsun@broadpark.no
Arbeidssted
,
5417 STORD