Kort om arbeidsgiver
Fastlegeavtale

Stord kommune har ledig fastlegeavtale ved Stord legesenter frå 1.4.21 i samband med alderspensjonering. Det kan vera aktuelt å starta tidlegare eller starta gradvis etter avtale.

Personlista er på 1200, men denne kan delast opp ev. Praksisen er lokalisert i moderne lokale. Det er eit senter med  3 legar, men kan utvidast til drift for 4. Praksisen har god drift, stabil arbeidsstokk og tilsette med lang erfaring. Det er Infodoc journalsystem og eige kvalitetssystem i praksisen.

Vaktordning

Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.

Vilkår
  • Legen får gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved kontoret. Overtakingsvilkår og etablering av praksis ved legekontoret vert avtalt direkte med aktuell fastlege. Kommunen kan i tillegg tilby anna allmennmedisinsk arbeid.
  • Legen må ta del i vaktordning på dagtid og i Sunnhordland interkommunale legevakt.
  • Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.
Vi legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette. Det vert individuelt tilrettelagd støtte for utdanning i allmennmedisin etter nærare avtale.

Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.

Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Det må leggjast fram politiattest.

Kommuneoverlege Lars Helge Sørheim kan kontaktast på 990 95 893, e-post: lhs@stord.kommune.no

Kontakt elles Stord legesenter v/aktuell fastlege Olav Haugen på 97541770, e-post olhaugen@online.no
 
Søknadsfrist: 15.11.2020
Søk på stilling
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Stord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Lars Helge Sørheim
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 95 893
E-post: lhs@stord.kommune.no
Navn: Olav Haugen
Tittel: Fastlege Stord legesenter
Telefon: 97541770
E-post: olhaugen@online.no
Arbeidssted
,
5417 STORD