Kort om arbeidsgiver
Øygarden kommune søkjer ny fastlege til Straume legesenter. Heimelen er ledig frå 01.03.2021, men anna oppstartstidspunkt både før eller etter kan avtalast. Kontoret har 7 fastlegar og ein LIS 1 lege. Flinke og erfarne legesekretærar. Godt arbeidsmiljø og samhald på kontoret. Journalsystemet er Infodoc.  Den ledige fastlegeheimelen har listestorleik på 1000 plassar. Dette talet kan endrast i samråd med ny heimelsinnehavar og kommunen.  Det er pr tid  ikkje pålagt anna kommunalt legearbeid til denne heimelen. Om ynskjeleg kan slikt arbeid tildelast inntil 7,5 timar pr veke. Viss ynskeleg kan også legevaktsarbeid ved Sotra legevakt tildelast.
Legekontoret vert driven etter sjølvstendig næringsdrivande modell. Øygarden kommune har egne ordningar med omsyn til dekning av utgifter til praksis ved til dømes svangerskapspermisjon og fråvær på grunn av langvarig sjukdom. Øygarden kommune praktiserar også gjenkjøpsavtale av heimel viss ny heimelsinnehavar mot formodning ikkje skulle trivast i fastlegejobben.
 
KVALIFIKASJONAR:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 /turnusteneste
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagd
 
 
Kontaktperson:
Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen
Stein.stigen@oygarden.kommune.no / Tlf: 55097226
 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
(Nye) Øygarden kommune
Kontaktperson
Navn: Stein-Inge Stigen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 55 09 72 26
E-post: stein.stigen@oygarden.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Fastlege , Straume legesenter
Arbeidssted
Straume legesenter
Blombakkane 2
5353 STRAUME