Kort om arbeidsgiver
Årdal kommune kan tilby fastlønsstilling som alternativ til næringsdrift.
Oppstartsdato etter avtale.
 
Stillingane er knytta til Årdal legekontor som i dag har 7 fastlegeheimlar og tilknytta LIS1 kandidat.
2 fastlegar er fastløna, dei andre driv privatpraksis.
Alle er lokalisert ved Årdal legekontor. Legekontoret er godt
bemanna med 2 bioingeniør, 2 helsesekretærar og 3 sjukepleiarar.
Legekontoret nyttar pasientjournalsystemet CGM, WinMed3.
 
- Listetak vil vere omlag 800 for heimlane. Dette kan endrast etter avtale.
- Det er knytta allmennmedisinske offentlege oppgåver til begge heimlane, omlag 20 % stilling.
- Deltaking i 7-delt daglegevakt på kontoret i Årdal.
- Deltaking i interkommunalt 12-delt tilstede-legevakt for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. Samlokalisert med legevaktsentral og KAD på Lærdal sjukehus.
   
Kvalifikasjonskrav
- Er offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Har gjennomført norsk turnusteneste
- Har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Har førarkort for bil
- Kvinner vert særleg oppmoda om å søkje
  
Me tilbyr
- Ein gjensidig forpliktande utdanningsplan mot spesialisering i    Allmennmedisin.
- Hjelp til å skaffe bustad, arbeid til sambuar/ektefelle og ved behov barnehageplass til småbarn utanfor opptaksperioder
- Avtalepraksis eller fastlønna stilling etter ønske/avtale.
  
Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale ved tilsetjing i fastløna stilling.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

 
Søknadsprosedyre
Gå til Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der finn du "Ledige stillingar". Klikk på den stillinga du vil søka på, velg "søk stilling" i høgre bilde. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 Dersom du allerede er tilsett i kommunen eller har vore søkar før, bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord".  Dersom du er ny brukar, må du registrere deg.
  
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlogging, ta
kontakt med personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken. Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har oppmoda
om det motsette. Søkar vil da bli kontakta i forkant. Jfr. Off.lova § 25.


Velkomen til Årdal!

#visit_ardal
#ardalkommune
#årdalmeirenndutrur
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Årdal kommune
Årdal legekontor
Kontaktpersoner
Navn: Rigmor Svanberg
Tittel: tenesteleiar helse
Telefon: 94824046
E-post: rigmor.svanberg@ardal.kommune.no
Navn: Frode Myklebust
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: 91517550
E-post: frode.myklebust@laerdal.kommune.no
Arbeidssted
Årdal Legekontor
Jotunvegen 4
6884 Øvre Årdal