Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Stavanger dekkar ein barnepopulasjon på omlag 88.000 born i alder 0-18 år. Avdelinga består av sengepost barn og ungdom 3E4D, nyføddintensiv 3D og barne- og ungdomspoliklinikken. Sengepost barn og ungdom utgreier og behandlar pasientar med alle typar pediatriske problemstillingar, som diabetes, epilepsi, tarmsjukdomar, ernæringsvanskar, forseinka utvikling, akutte infeksjonar og onkologi. Nyfødtintensiv mottar nyfødde med behov for intensivbehandling frå heile Rogaland og har eit pediatrisk transportteam i samarbeid med NLA/Sea-King redningsteneste.

Der er omlag 2200 innleggingar pr år korav omlag 570 ved nyføddintensivavd. Sjukehuset har ca 4200 fødslar årleg. Der er ein godt utbygd poliklinikk med omlag 18 000 konsultasjonar pr år. Avdelinga underviser medisinerstudentar frå Universitetet i Bergen og Semmelweis Universitet i Budapest. Fleire av legane ved avdelinga driver aktiv forsking, og det blir gjeve tilbod om forskingsrettleiing.  

Det er frå 01.02.21 ledig eit LIS-vikariat med varigheit 12 mndr, med moglegheit for forlenging. Ved intern tilsetjing kan andre vikariat bli ledige. 

BUK i Stavanger er ei avdeling som dekkar heile utdanningsløpet i pediatri. Det vil bli utarbeida ein individuell framdriftsplan ved tilsetjing.

Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.  

Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedlegges søknaden. Ein bed søkar spesielt om å oppgje kor mykje teneste ein manglar til spesialiteten pediatri per oktober 2020, og om ein følger ny eller gammal utdanningsordning. 

Stillinga blir lyst ut på www.legejobber.no

Arbeidsoppgaver

  • Legen deltar i ordinær vaktplan ved avdelinga og rotera mellom dei ulike sengepostane og poliklinikk. Vaktplanen er p.t. rullerande og 12-delt. 
  • Dagtidsarbeidet består av visittgang, mottak og poliklinisk vurdering av pasientar, samt barselundersøking av nyfødde. LIS-ane deltar aktivt i internundervisning og er velkomne til å delta i forbetrings- og kvalitetsarbeid. 
  • Nytilsette legar gjennomgår ein opplæringsperiode på nyføddintensiv samt opplæringsvakter før ein har sjølvstendig vakt.   

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring blir vektlagt.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.
  • Gode norskkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå 

Personlige egenskaper

  • Motivasjon og interesse for fagfeltet. 
  • At søkar er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert.
  • God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeida målretta, strukturert og effektivt.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Tydeleg og forståeleg kommunikasjon med pasienter og kolleger.
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet, både fagleg og kollegialt.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Triveleg arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.
  • Veileder i tråd med krava til spesialistutdanning.  
  • Fagleg og personleg utvikling. 
  • Vi jobber aktivt med inkluderende arbeidsliv
  • Gode velferdstilbod som m.a. bedriftsidrettslag og turgruppe.  
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 51 51 34 79
Arbeidssted
Kvinne- og barneklinikken / avdeling barne- og ungdomsklinikk, Helse Stavanger HF
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger