Kort om arbeidsgiver
Vi har ledig vikarlegestilling på fastlegeheimel med listetak på 850 pasientar ved Gloppen legesenter.
10 mnd vikariat med moglegheit for fortsetjing / fast stilling.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein spesialist i allmennmedisin eller lege som kvalifiserer til tilsetting i LIS 3 stilling i allmennmedisin
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS 1
  • Motivasjon for å bli spesialist i allmenmedisin
  • Gode kommunikasjonsferdigheter på norsk, både skriftlig og muntlig

Personleg eignaheit, interesse og kunnskap vil bli vektlagt. Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel.

Vi tilbyr:
  • Legesenter i lyse lokalar, bygd i 2012 og plassert i kommunesenteret på Sandane med utsikt over Gloppefjorden.
  • Seks erfarne fastlegar i 30-40 årene som har vore på legesenteret mellom 4 og 15 år. LIS 1 lege.
  • Lang erfaring med rettleiing av legar i spesialisering.
  • Hjelpepersonell med 3 sjukepleiarar, 2 helsesekretærar og 1 bioingeniørar - totalt 5 årsverk.
  • Eit velutstyrt laboratorium
  • Fleire skiftestover
  • Godt arbeidsmiljø med felles lunsj dagleg med heile personalet samt vekentlege legemøte.
  • Godt samarbeid med den kommunale helsetenesta.
  • Legevakt lokalt i Gloppen kommunen. 10 delt (ca 3 vakter pr mnd). Heimevakt med på snitt 4-6 henvendelser pr vakt.
 
Lønns- og arbeidsvilkår:
Sjølvstendig næringsdrivande i kommunalt dreve legesenter. Nullavtale dvs at basistilskot går direkte til kommunen og at inntekt frå takstar går direkte til legen. Kommunen kan ifølge sentrale avtalar disponere inntil 20% kommunalstilling. 

Det blir stilt krav om tilfredsstillande politiattest.

Sjå informasjon om kommunen under. Søk også på følgjande i sosiale medier : #nordfjordaktiv #gloppenertoppen #trivselsskogen #trivselshagen
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Gloppen kommune
Kontaktperson
Navn: Thomas Hebard
Tittel: Leiar for legetenesta
Telefon: 57884440
Arbeidssted
,
6823 SANDANE
Søk på stillingen