Kort om arbeidsgiver

Innan nevrologi har vi 7 overlegestillingar og 8 stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ein eigen seksjon i Medisinsk klinikk. Seksjonen har poliklinikk (generell og spesialpoliklinikk for MS, epilepsi, parkinson, hjerneslag, ALS/Huntington/nevro-onkologi, botox), nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 9 senger til generell nevrologi og 6 til slagpasienter. Stillinga er knytt til Haugesund sjukehus. 





No har vi ledig fast stilling og vi gleder oss til å bli kjent med ein ny kollega. Ved intern tilsetting kan andre lengre vikariat bli ledige. For fast stilling blir det kravd fullført turnusteneste. Gode kandidatar utan fullført teneste kan vurderast for eventuelt  vikariat

Arbeidsoppgåver

  • LIS jobbar på sengepost, poliklinikk og har vakt. 
  • Varierte arbeidsoppgåver m.a spinalpunksjon, rettleiing i botoxbehandling, tverrfaglege møte
  • Det er for tida 8-delt tilstedevakt i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon er eit krav
  • Du meistrar munnleg og skriftleg norsk bra
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå nevrologisk avdeling på sjukehus

Personlege eigenskapar

  • Du kjenner avgrensingane dine
  • Du søker rettleiing og råd der det er nødvendig
  • Du er fleksibel og har vilje til godt samarbeid på alle nivå
  • Du har eit engasjement for denne pasientgruppa og du er over middels nysgjerrig på faget
  • Du er inkluderande og ein god ressurs til det gode arbeidsmiljøet vårt
  • Du er punktlig og påliteleg

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande semje 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Det er unnvore tid i arbeidsplanen til fordypning 1 dag anna kvar veke og vi vil legga til rette for obligatoriske kurs 
  • Sjukehuset kan hjelpa til med å skaffa personalbolig og barnehageplass 
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø 
  • Høyt fagleg nivå 
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Ineke Hogenesch
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 52732590
Navn: Kirsten Solstrand
Tittel: Funksjonsleder pleie
Telefon: 52732590
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologi/slag seksjon, Helse Fonna HF
Haugesund Sykehus
5504 haugesund