Kort om arbeidsgiver

Det er ledig 3 x 100% stilling som overlege/psykiater ved Akutt psykisk helse Ålesund. Oppstart etter avtale.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 5 seksjonar: Akutt psykisk helse, Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering. Akutt psykisk helse har 12 døgnplassar. Seksjonen tilbyr oppstart av behandling i akutte fasar av alvorleg psykisk sjukdom. Samhandling med pasient, pårørende, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. Seksjonen er delt i to team, A og B.  

Arbeidsstad i vakre Ålesund med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund: https://www.visitalesund.com/

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering av mennesker i akutt krise
  • Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfaglig samarbeid 
  • Individualterapi og pårørandesamtalar
  • Deltaking i vaktordning 

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer psykiatere med erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
  • Det er ynskjeleg med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innen vaksenpsykiatrien
  • LIS-lege som er komen langt i utdanningsforløpet er aktuelle
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ein person som er nytenkjande og endringsorientert
  • Gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Miljøskapar der det faglege- og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
  • Være ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Interesse for forbetringsarbeid/forskning innan akuttpsykiatri vektleggjast 

Vi tilbyr

  • Ein akuttpsykiatri i utvikling
  • Rekrutteringstillegg for spesialistar
  • Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år som spesialistar
  • Eit triveleg og utfordrande miljø med engasjerte og erfarne medarbeidarar
  • Internundervisning og moglegheit for vidare- og etterutdanning
  • Tilrettelagd for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialitet
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god pensjonsordning , yrkesskadeforsikring, gruppelivforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Erik Helgesen
Tittel: Seksjonsleiar team B
Telefon: 70106500
Navn: Perny Oksnes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 70106500
Navn: Åse Helene Gjærde
Tittel: Seksjonsleiar team A
Telefon: 701006500
Hjemmeside
Arbeidssted
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillingen