Kort om arbeidsgiver
100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i psykiatri i Stavanger- /Sandnesområdet er ledig frå 01.04.2021, eller etter avtale.  
 
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre
 
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
 
Avtalespesialisten skal bidra til at Helse Vest RHF kan oppfylle ”sørge for” -ansvaret. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten utfører undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal ha ein forpliktande samarbeidsavtale med Helse Stavanger HF ved Sola DPS. Avtalespesialisten skal samarbeide med Helse Stavanger HF ved Sola DPS om oppgåvedeling og for å sikre gode pasientløp. Avtalespesialisten skal også ta imot pasientar som er vurdert i Helse Stavanger HF ved Sola DPS.  Dette vil bli regulert nærare i den individuelle avtalen mellom Helse Vest RHF og avtalespesialisten.
 
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest RHF og aktuelle søkjarar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.
 
Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 936 840 (klasse 1) til kr. 1 395 300 (klasse 3).
 
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar – før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
 
Overtaking av noverande praksis fylgjer reglane i § 11 i ”Rammeavtale mellom de regionale helseforetak og Den norske legeforening om avtalepraksis for legespesialister”.
 
Spørsmål om praksisen kan rettast til Per Martin Lea tlf. 48 00 50 41.
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest RHF ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.
 
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktpersoner
Navn: Per Martin Lea
Tittel: Spørsmål om praksisen
Telefon: 48 00 50 41
Navn: Helse Vest ved Torleiv Bergland
Tittel: Spørsmål om heimelen
Telefon: 51 96 38 22
Hjemmeside
Søknad
Søknad sendes:
Postboks 303 Forus
4066 STAVANGER

Arbeidssted
Stavanger-/Sandnes området
4068 STAVANGER