Kort om arbeidsgiver
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!
For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og
habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og
barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det
sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18 år.
Det er fødeavdeling med om lag 365 fødslar/år. Ein av barnelegane arbeider også
i barnehabiliteringstjenesta.
Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved
sjukehuset i Kristiansund:
Vi søkjer etter vaktkompetent LIS-lege, med oppstart snarast. Stillingen inneber arbeid i sengepost og poliklinikk for barn og unge på dagtid. Heimevakter på kveld/natt/helg.
Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt
fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i
2023. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her
vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og
ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år.Ein del av SNR vil bli nytt
Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Her vert det planlagt tilbod til barn
og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.
Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs
kysten.Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv!
Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Vi kan hjelpe
med bolig i ei overgangsfase, og også med kontakt med barnehage/skule. For meir
informasjon om Kristiansund / Romsdal og Nordmøre viser vi til nettsida https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/
Arbeidsoppgåver
- Mottak av ø-hjelps pasientar
- Behandling oppfølging av inneliggande pasienter
- Deltaking i spesialiseringsløp
- Dagbehandling og poliklinisk arbeid
- Heimevakt på kveld/natt/ helg
Kvalifikasjonar
- Formelle kvalifikasjonar
- Gjennomført LIS1-tjeneste
- Vi ønskjer søkjarar med interesse for faget, og med ønskje om å spesialisere seg innan barnemedisin
Personlege eigenskapar
- Norsk autorisasjon
- God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne legar
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass i ei inkluderande verksemd