Kort om arbeidsgiver

Det er frå februar 2021 ledig fast stilling for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi.

Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk innkluderar Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. Sjukehuset har sengepost med 28 senger, og 4 operasjonsstover. 

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i ortopedisk kirurgi. Stillinga er ved Kysthospitalet i Hagevik, men traumatologisk del av utdanninga vil gå føre seg i teneste ved Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus.

Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Avdelingane er tilknytta Det Medisinsk Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UIB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervising etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i stilling i ortopedisk kirurgi
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Beslutningsdyktig
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Kari Indrekvam
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56565800
Arbeidssted
Kysthospitalet i Hagevik (KiH), Helse Bergen
Kysthospitalet i Hagevik
5217 Hagavik