Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har ledig fast 100% stilling som direktør/fylkeslege i Helse- og omsorgsavdelinga.
Helse- og omsorgsavdelinga er ei av fem fagavdelingar hos Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. Avdelinga har 35 årsverk og er tilsynsstyresmakt for helse-, omsorgs- og sosialtenestene i fylket på oppdrag frå Statens helsetilsyn. Vidare har avdelinga ansvar for utviklings- og fagoppgåver frå Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Vi søker etter ein direktør/fylkeslege som er interessert i ei spennande leiarstilling der utvikling og fornying har ein sentral plass. Stillinga inngår i Fylkesmannen si strategiske leiargruppe og får ei viktig rolle i utvikling av organisasjonen, så vel internt som utetterretta. Samarbeid med kommunar, helseføretak, overordna statlege organ og andre verksemder er ein viktig del av stillinga. Fylkesmannen har ansvar for samordning av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i fylket, og fylkeslegen inngår i beredskapsleiinga i embetet og har plass i fylkesberedskapsrådet.
Som leiar er direktør/fylkeslege delegert fullt ansvar for drifta av avdelinga, og er ansvarleg for at avdelinga leverer på oppdraga gitt i styringsdokumenta. Leiaren blir forventa å sette seg inn i alle avdelinga sine fagoppgåver. Drift av avdelinga skjer med støtte frå assisterande direktør og fagsjefane i avdelinga. Utetterretta verksemd, informasjon, formidling og mediekontakt utgjer ein del av stillinga.

Oppgåver/ansvar
  • Personalleiing rådgjeving og utgreiing
  • Formidle og setja i verk statleg politikk
  • Sjølvstendige vurderingar og avgjerder i komplekse saker
  • Nytenking, analyse og konsekvensvurdering
  • Realisering av overordna strategi
  • Tydeleggjere og vidareformidle avdelinga og embetet sine arbeids- og ansvarsoppgåver, internt og eksternt
  • Deltaking i debattar, møte og representative oppdrag
  • Halde foredrag og leie møte
  • Rapportere til overordna nivå
  • Tverrfagleg samordning
  • Økonomiansvar for budsjettet til avdelinga
 
Kvalifikasjonskrav
  • Medisinsk embetseksamen
  • Norsk autorisasjon
  • Praksis og erfaring frå relevant arbeidsfelt
  • Erfaring frå leiarfunksjon og evne til å leie ei kompleks verksemd
Personlege eigenskapar som vi vil sjå etter 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, bør meistre begge målformer
  • Må vere strukturert, målretta og resultatorientert
  • God personalleiing
  • Ha god vurderingsevne og rolleforståing
  • Gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og samstundes vere ein konstruktiv bidragsytar til eit sterkt fagmiljø.
Vi tilbyr
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode sosiale vilkår med fleksibel arbeidstid og pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna.)
  • Lønn som fylkeslege, stillingskode 0779 normalt kr. 1.055.000 – 1.100.000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Det er 6 månader prøvetid i stillinga.

Spørsmål om stillinga
Kontorstad for stillinga vil vere Tønsberg.
Embetet har nynorsk som målform.
Vi tek atterhald om endring av oppgåvene til stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort jf. offl. § 25, sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste.
Er det kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, avbrot i yrkeskarrieren eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppfordrer søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, avbrot i yrkeskarrieren eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkerportalen legg grunnlag for anonymisera statistikk som alle statlege verksemder rapporterar i sine årsrapportar.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Opplysningar om stillinga får du på førespurnad til fylkesmann Per Arne Olsen, tlf. 905 32 000.
Vi ber om at søknad, vedlagt vitnemål og relevante attestar, blir sende elektronisk via jobbnorge.no. Gje òg opp referansar.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Kontaktperson
Navn: Per Arne Olsen
Tittel: Fylkesmann
Telefon: 90532000
Arbeidssted
Tønsberg
Anton Jenssensgate 4, Statens Park, bygg I
3103 TØNSBERG
Søk på stillingen